Jakob Walnum
Utsjånad
| Jakob Walnum | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 19. mars 1851 Grimstad kommune |
| Død | |
| Yrke | prest, misjonær |
| Verv | Sokneprest i Leikanger |
| Periode | 1884-1897 |
| Etterfylgjar | Fredrik Bull-Hansen |
| Far | Svend Borchmann Hersleb Walnum |
Jakob Rosted Suur Walnum (19. mars 1851–28. april 1925) var ein norsk prest og omstreifarmisjonær frå Grimstad.
Walnum tok examen artium i 1870, vart cand.theol i 1877 og tok praktisk-teologisk eksamen i 1880. Han tok over som sokneprest i Leikanger etter fetteren Jakob Sverdrup i 1884.
Jakob Walnum var formann i Midtre Sogns Indremisjon, Sogns Kreds af Søndagsskoler og den nyoppretta krinsen for totalavhaldsarbeidet. Jakob Walnum engasjerte seg sterkt for omstreifarane. Han var ei sterk drivkraft bak etableringa av Sogns Barneheim i 1891. Walnum forlet prestekallet i 1897 for å gå inn i arbeidet for dei heimlause på heiltid. Same året skipa han Den norske omstreifermisjon, og vart foreininga sin fyrste generalsekretær.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Terje Eggum (1999). Leikanger kyrkje : frå mellomalderen til idag. Leikanger: Skald forlag. ISBN 8279590099.
- Jakob Walnum i Norsk biografisk leksikon