Jakob Weidemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob Weidemann

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1923
Steinkjer kommune
Død

19. desember 2001, 18. desember 2001 (78 år)
Lillehammer kommune

Yrke kunstmålar
Ektefelle Anne Marie Frøisland
Jakob Weidemann på Commons

Jakob Weidemann (14. juni 192319. desember 2001) var ein norsk kunstnar. Han var ein viktig føregangsmann for abstrakt måleri innan norsk kunst. Frå 1960-talet nytta han eit abstrakt-ekspresjonistisk formspråk inspirert av naturen.[1]

Barndom og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Jakob vart fødd utanfor ekteskap og voks opp hos mormora og morfaren, Sivert Opdahl, som budde på ein gard utanfor Steinkjer. Mor hans, Terese, var berre 17 år då guten vart fødd. Far hans var Oswald Weidemann. I barndommen skreiv han seg for Jakob Opdahl Johansen, med etternamnet til mora og besteforeldra.

Som elleveåring flytta Jakob til mor si som då budde på Høvik i Bærum, sidan flytta dei til Røa i Oslo, og i 1939 flytta familien til Kronstadtorget i Bergen.

Utdanning som kunstnar[endre | endre wikiteksten]

I 1939 vart han elev ved Bergen Kunsthåndverkskole. I 1940 vart Jakob elev ved Ole. B. Eides private malerskole i Bergen. Hausten 1941 kom han inn på Statens kunstakademi i Oslo. I 1940 byrja Jakob bruke Weidemann til etternamn.

I 1943 vart Jakob Weidemann arrestert, men han slapp snart ut. Våren etter var Rinnan-banden etter han, og han måtte flykte til Sverige. Her melde han seg for dei norske politistyrkane og kom til treningsleiren i Falun. Under ei øving 3. juli 1944 vart han utsett for ei sprengingsulykke, og han mista synet. Etter tre operasjonar fekk han tre månader etter ulykka att synet på det eine auga. Weidemann sa sjølv at det var då han låg blind at han forstod kva fargar var.

Weidemann reiste då til Stockholm og byrja på Kunsthögskolan der Sven Erixson vart læraren hans.

Gjennombrot som kunstnar[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen for han attende til Steinkjer. Det store gjennombrotet som kunstnar fekk han under ei utstilling i Blomqvist kunsthandel mai 1946. I 1965 fekk han til oppgåve å dekorere kyrkja i heimbyen Steinkjer. Same året, og i 1973, var han festspelutstillar i Bergen.

I det meste av det vaksne livet sitt hadde Jakob Weidemann problem med alkohol. Med hjelp frå kona Anne, som han møtte i 1952, greidde han seg gjennom problema, og saman skapte dei ein heim på Ringsveen ved Lillehammer.

Kunstnarisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Dei første bilete Jakob Weidemann stilte ut, var figurative, men motiva var fritt framstilte både i form og fargar. Gjennom eit abstrahert formspråk arbeidde han seg mot det heilt nonfigurative, og gjennombrotet hans som kunstnar markerer det definitive gjennombrotet for nonfigurativ målarkunst i Noreg.

I dei første etterkrigsåra måla han kompsisjonar der den rytmiske fordelinga av formene og det intikrate flettverket var berande i biletet, ofte utan forteljande hjelp frå bilettittelen.

I 1961 stilte han ut dei såkalla «skogbotnbileta» - mørke, nonfigurative målingar prega av fargane frå skogbotnen, som saman med tiltlane mante fram ei kjensle av skogbotn, mose og rotnande lauv. Ut over 1960-talet vart bileta hans lysare, mange av dei med religiøse titlar som «Tåke i Getsemane». Etter arbeida med glassmaleri i Steinkjer kyrkje vart lyset oftare meiningsberar òg i dei måla bileta.

Ut over 1970-talet kunne ein på nytt sjå fleire figurative trekk i somme av bileta hans. I 1994 vann Weidemann Anders Jahres kulturpris.

Bokillustrasjonar[endre | endre wikiteksten]

Mellom bøkene Jakob Weidemann har illustrert, er:

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Posthume utstillingar

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hellandsjø, Karin (9. januar 2017). «Jakob Weidemann». Store norske leksikon. Henta 3. august 2018. 
  2. Sara Hegna Hammer. «I en retrospektiv utstilling på Henie Onstad Kunstsenter rettes oppmerksomheten mot den unge, søkende Jakob Weidemann: Før han falt in engen». 2018-06-16. Klassekampen. S. 48-9
  3. Jakob Weidemann, arkivert frå originalen 15. juli 2018, henta 15. juli 2018 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]