Jakoruda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 42°1′6″N 23°40′11″E
Jakoruda
Якоруда
Kommune
Yakoruda Klearchos.jpg
Frå sentrum av Jakoruda
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Provins Blagoevgrad
Koordinatar 42°1′6″N 23°40′11″E
Høgd 888 m
Areal 339,263 km² [1]
Folketal 10 731 [2]
Folketettleik 31,63 / km²
Tidssone EET

Jakoruda
42°1′4″ N 23°40′8″ E
Jakoruda kommune i provinsen Blagoevgrad
Jakoruda kommune i provinsen Blagoevgrad
Wikimedia Commons: Yakoruda Municipality

Jakoruda (bulgarsk Якоруда) er ein by og ein kommune i provinsen Blagoevgrad sørvest i Bulgaria. Kommunen omfattar byen Jakoruda og sju andre busetnader. Byen ligg ved elva Mesta i Rodopifjella, 26 km vest for Velingrad.

Jakoruda fekk bystatus 9. september 1964. Tidlegare var han offisielt rekna som ein landsby. Fleirtalet av innbyggjarane i byen er bulgarske muslimar (pomakar), medan resten for det meste er ortodokse kristne.

Kommunen har eit areal på 339 km2.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 10 731 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 5 792 innbyggjarar.[2]

Busetnader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen er:[2]

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)
Jakoruda Якоруда  5 792
Jurukovo Юруково  1 187
Konarsko Конарско  968
Avramovo Аврамово  723
Bel Kamen Бел камен  563

Kjende personar frå Jakoruda[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

YakorudabreenGreenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis er kalla opp etter Jakoruda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]