Jakthorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakthorn
Hunters signal horn-Sygnalowka.jpg
Klassifiseringend-blown labrosones, signalinstrument, horn, messingblåseinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering423.121

Jakthorn er eit messingblåsinstrument som ein tradisjonelt bles signal i i samband med jakt. Det er vanlegvis laga av messing.

Karl XV sitt jakthorn, no ved Livrustkammaren

Jakthorn må ikkje forvekslast med jegerhorn eller clarino, som er eit klaffelaust militært messingblåsinstrument.

Jakthorn har vanlegvis ikkje klaffar og ventilar, og kan dermed berre laga naturtonar. Ei mindre form av jakthorn blir kallar Fürst-Pless-horn. Parforcehornet er eit større jakthorn. Jakthorna er dei næraste føregangarane til valthornet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jakthornet til Sigesmund III, no ved Livrustkammaren.

I fortida nytta jegerar lurar av horn eller bein for kommunikasjon, av og til kunne dei nytta horn frå uroksar. Det finst eit jakthorn på Kungliga Livrustkammaren i Sverige som ifølgje inskripsjonen er laga av eit horn frå den aller siste uroksen i Europa. I mellomalderen nytta ein olifant, eit instrument som fekk namnet sitt frå det gammalfranske ordet for elfenbein, ved adelege jakter.

Fürst-Pless-horn utan ventilar.
Jakthornblåsarar utanfor Moritzburg i 1976.

Bruken av jaktsignal blei skildra av Hardouin, seigneur de Fontaines-Guérin, frå Anjou i verket Trésoire de Vénerie i 1394. Her skildra han 14 ulike hornsignal, illustrert med eit tresnitt der desse blir skildra med eit system av fylte og ufylte rektangel. Gjennom dette kan ein få ei temmeleg god oppfatting av korleis jegerar i Sør-Frankrike signaliserte til kvarandre under mellomalderen. Hardouin ville spreia signala han hadde lært seg av meisteren Guilleme du Pont.

Frankrike har vore den store nasjonen med omsyn til jakthornmusikk, sjølv om dei tyske tradisjonane har vore mest innverknadsrike i Sverige. Ved slutten av mellomalderen byrja ein å laga horn av metall. Dermed kunne ein utvida røyret til hornet, slik at ein fekk betydeleg betre lyd, samtidig som lydstyrken blei påtakeleg høgare. Gjennom at røyret til hornet blir bøygt til ei sirkelform, av og til i fleire rundar, kunne hornet bli verande praktisk handterbart.

Det er blitt utvikla ulike former av jakthorn, mindre typar som Fürst-Pless-hornet, som ein enkelt jeger har kunna bruka ved jakt, og større typar, som parforcehornet og Trompe de Chasse, som særleg har blitt nytta av spesielle hornblåsarar ved større, velorganiserte former for jakt av den typen ein først og fremst heldt ved fyrstehoff, særleg på det europeiske kontinentet. Bruken av jakthorna har òg blitt utvida til hyllingssignal, marsjar og andre musikkformer.

Moderne bruk[endre | endre wikiteksten]

I nyare tid har den praktiske bruken av jakthorn i hovudsak blitt erstatta av jaktradio og liknande. Andre signalmetodar, som signalskot, blir no sett på som nødsignal. Likevel reknar ein visse stader, som i Tyskland, det som så viktig å ha kunnskap om ulike jaktsignal at opplæring i dette framleis blir formidla ved jegerutdanningar.

Hans Heinrich XI., Graf von Hochberg, Fürst von Pleß, Freiherr von Fürstenstein.

I Tyskland byrja ein på 1800-talet ein innsats for å leggja jakthornmusikken til toneartene B og Ess. Th. Rode, som var ansvarleg for den prøyssiske jaktmusikken, stilte dette som krav i 1840. Systemet med jaktleingssignal blei utvikla på 1800-talet frå militære leiingssignal. Ein banebrytar for dette var Oberstjägermeister Henrich von Pleß (1833–1909), som sidan gav namn til det som i dag er det vanlegaste jakthornet, Fürst-Pless-hornet. Det var eit veldig detaljert system med signal for å starta og styra eit drev, kalla på jakthundar eller vilttralle, samla jeger og hjelparar, med meir. Fürst-Pless-hornet er eit mindre jakthorn. Enklare Fürst-Pless-horn har ingen klaffar eller ventilar, desse kan derfor bare attgje naturtonar.

Det finst også Fürst-Pless-horn med ventilar og klaffar. Desse har vanlegvis ein diameter på knapt 20 cm. Fürst-pless-horn er stemde i B-dur.

Moderne Fürst-Pless-horn med ventilar.

I motsetnad til dei store horna blei dei mindre horna mest brukt på 1800-talet. Den tidlegaste kjende førekomsten av Fürst-pless-horn er frå 1876. Instrumentet er såleis utvikla på 1800-talet, og har opphavet sitt i det halvmåneforma hornet som blei utvikla i samband med militærsignalhorn og posthorn. Dei mindre horna var praktiske, ettersom storleiken var slik at ein jeger kunne ha med seg eit slikt horn ved jakt på eiga hand, utan å trenga å ha med seg ein eigen hornblåsar.

Instrumentet har namn etter Fürst Hans Heinrich XI. von Pleß (1833–1909), som blei keisarleg Oberstjägermeister i 1878. Han tente under keisar Vilhelm I av Tyskland, keisar Fredrik III av Tyskland og keisar Vilhelm II av Tyskland.

Fürst Pleß var ikkje opphavsmannen til dette instrument, men bidrog til at det blei utbreidd, og blei òg rekna for å kunna spela det på ein framifrå måte.

Parforcehorn[endre | endre wikiteksten]

Parforcehorn.

Parforcehornet har fått nam etter den franske nemninga på hetsjakt etter hovudsakleg høgvilt, parforcejakt.

Parforcehornet er ei større form av jakthorn. Parforcehornet er vanlegvis stemt i B, Ess eller D. Det finst parforcehorn der ein kan endra tonearten, i likskap med dei valthorna som er kjende som dobbelhorn. Vanlegvis manglar parforcehorn ventilar, og dei kan såleis berre attgje naturtonar, men det finst òg parforcehorn med ventilar.

Trompe de Chasse[endre | endre wikiteksten]

Trompe de Chasse er, som parforcehorn, ei større form av jakthorn som manglar ventilar, og såleis berre kan spela naturtonar.

Jaktsignal[endre | endre wikiteksten]

Fuchs tot.
Fuchs tot.

Jaktsignal blir nytta for å leia rørslene til jaktselskapet, varsla deltakarane om gangen til jakta og kva dyr ein driv og dessutan for å kalla inn hundane.

  • Das Hohe Wecken, eit samlingssignal før jakta.
  • Begrüssung, eit velkomsthelsingssignal.
  • Aufbruch zur Jagd, eit signal som kommuniserer at jakta er starta og at jeger, hundefolk og drevfolk skal gje seg til utgangsplassane for det fyrste drevet.
  • Anblasen des Treibens, signal som angjev at drevet er starta.
  • Abblasen des Treibens, signal som angjev at drevet er endt. Han blir òg kalla «Hahn inn Ruh», etter hjelpeteksta som høyrer til signalet.
  • Hunderuf, signal som angjev at ein treng hjelp med søk.
  • Wagenruf, signal som tilkallar ei vilttralle.
  • Sammeln der Jäger, samlingssignal før jakt i eit nytt jaktområde.
  • Sammeln der Schützen, samlingssignal før jakt i eit nytt jaktområde.
  • Sammeln der Treiber, samlingssignal før jakt i eit nytt jaktområde.
  • Zum Essen, signal som angjev avbrot i jakta for lunsj.
  • Aufbruch zur Jagd, signal som angjev avbrott i jakta.
  • Abblasen des Treibens, signal som angjev at jakta er avblåst, då skal jaktselskapet bege seg til plassen for jakta si avslutning.
  • Auf Strecke legen, signal som annonserer viltparaden.
  • Flugvildt tot, hyllingssignal til felt fuglvilt.
  • Jagd vorbei, signal etter endt viltparade.
  • Halali, ein hyllingssignal til jegerane sin vernehelgen, heilage Hubertus.

Bruk av jakthorn innan kunstmusikk[endre | endre wikiteksten]

Heilage Hubertus.

I mellomalderen feira ein heilage Hubertus med ei hubertusmesse den 3 november. Hubertus er vernehelgenen til jakta, som skal ha mista kona si og det første barnet sitt, og deretter ha trekt seg bort frå verda til skogane i Ardennane, der han levde som jeger. Ein dag skal han ha sett eit lysnande krusifiks mellom horna på ein hjort og då bestemt seg for å via livet sitt til Gud.

På 1830-talet byrja ein i Belgia å bruka parforcehorn ved desse messen. Denne bruken blei etterkvart ført vidare til Tyskland, også i lutherske kyrkjer Det kan nemnast at Jules Cantin (1874-1956) si La Grande Messe de Saint Hubert er eit verk for jaktinstrument.

Parforcehorn har kome til å bli brukt for reint musikalske føremål, det blir nytta i «Jaktkoret» i Carl Maria von Weber sin opera Jegerbruden. Det blir òg brukt i Joseph Haydn sitt oratorium Die Jahreszeiten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bartels, Uwe: Das Fürst-Pless-Horn und seine Tradition, 1999, ISBN 3788808527
  • Brandell, Daniel, Tidiga jakthornsignaler, Ingår i: Movitz. - Göteborg: Svenska hornsällskapet, ISSN 1104-8700. 1997 (nr 9), s. 8-9
  • Christoffersson, Sten, Jakthornet, farfars jaktradio, 1997, Ingår i: Movitz. - Göteborg: Svenska hornsällskapet, ISSN 1104-8700. 1997 (nr 9), s. 4-5
  • Eisenschink, Alfred Der Jäger und sein Horn, München, BLV Verlags-Gesellschaft, 1977, 5 durchges. Aufl. ISBN 3-405-11888-3
  • Fensterer, M. 1984. Jagdhornschule: theoretische und praktische Anleitungen für Fürst-Pless-Horn und Parforcehorn. Munich.
  • von Freiberg, Gottfried Naturhornschule: 160 Übungen für Naturhorn oder Jagdhorn, Kirchheim: Hans Pizka, cop. 1985
  • Freverts, Walter Jagdliches Brauchtum, 1936.
  • Marolles, Gaston de. 1979. La trompe de chasse et Gaston de Marolles, Edited by Joël Bouëssée. Paris, Fédération Internationale des Trompes de France et Société de Vénerie.
  • Meyerson, Åke, Ett jakthorn ur Karl IX:s rustkammare, Stockholm, Livrustkammaren, 1937
  • Monelle, Raymond (2006). The musical topic [Elektronisk resurs] hunt, military and pastoral. Musical meaning and interpretation. Bloomington: Indiana University Press. Libris 11274954 
  • Pöschl, Josef. 1996. Jagdmusik, i Die Musik in Geschichte und Gegenwart, 2nd ed. Sachteil 4: 1309–1315. Kassel: Bärenreiter.
  • Pöschl, Josef. Jagdmusik: Kontinuität und Entwicklung in der europäischen Geschichte, Tutzing, Schneider, 1997.
  • Ringer, Alexander L. The chasse as a musical topic of the 18th century, Journal of the American Musicological Society 6: 148–159, 1953.
  • Taut, Kurt. Die Anfänge der Jagdmusik, Leipzig: n.p. 1927.
  • Wendt, Ulrich. Kultur und Jagd: ein Birschgang durch die Geschichte, Vol. 2. die neuere Zeit. Berlin: Reimer, 1908.
  • Winckell, Georg Franz Dietrich aus dem. Handbuch für Jäger, Jagdberechtigte und Jagdliebhaber, 3 vols. Neudamm: Neumann, 1898 [1805].
  • Zuckerová, Olga. Staré lovecké Fanfary (Old hunting fanfares.) Prague: Supraphon, 1983.

Viktig eldre litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dampierre, Marc-Antoine, Marquis de. Recueil de fanfares pour la chass, Paris, Le Clerc, 1776.
  • Döbel, Heinrich Wilhelm. Neueröffnete Jäger-Practica. Leipzig: Heinsius, 1783 [1754].
  • Flemming, H. F. von. Der vollkommene teutsche Jäger, 2 vols. Leipzig: Martini, 1724.
  • Goury de Champgrand. Traité de venerie et de chasses, Paris, Herissant, 1769.
  • Hardouin, Trésoire de Vénerie, tryckt upplaga Henri-Victor Michelant, 1856.
  • Pompeckis, Jagd- und Waldhornschule, med noter för parforcehorn (i B), 1926.
  • Röhrig, Das Weidwerk, 1933. med de gamla fanfarerna för parforcehorn.
  • Selincourt, M. de. Le parfait chasseur, Paris, Quinet, 1683.
  • Verrier de la Conterie, Le. Venerie normande, ou l’école de la chasse aux chiens courants, Rouen, Dumesnil, 1778.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]