Jakupitsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jakupitsa
fjell
none  Fjelltoppen Solunska Glava
Fjelltoppen Solunska Glava
Land {{landdata Republikken Makedonia landflagg2 namn = Republikken Makedonia variant = storleik =

}}

Høgd 2 540 moh moh
Koordinatar 41°42′N 21°24′EKoordinatar: 41°42′N 21°24′E
Wikimedia Commons: Jakupica

Jakupitsa (makedonsk Јакупица) er ei fjellkjede i Republikken Makedonia. Den høgaste toppen er Solunska Glava på 2 540 meter over havet. Andre store toppar er Karadzitsa (2 473 m), Popovo Brdo (2 380 m), Ostar Breg (2 365 m), Ubava (2 353 m), Ostar Vrv (2 275 m) og Dautitsa (2 178 m).

Fleire små stryk renn ned frå fjellet. Store område er dekte av bøk, eik og barskog. Det er òg tydelege spor etter tidlegare isbreaktivitet. Det er gjort fleire framlegg om å omgjere området til ein nasjonalpark.

Ein kan lett nå fjellet frå hovudstaden Skopje eller frå byen Veles og mange landsbyar i området.

På klåre dagar kan ein frå Solunska Glava sjå byen Thessaloníki i Hellas og dette har gjeve fjelltoppen namnet sitt. Solun tyder Thessaloníki og Glava tyder «hovud» på makedonsk, «hovudet til Thessaloníki»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]