Jamøyane

Koordinatar: 59°15′N 155°29′E / 59.250°N 155.483°E / 59.250; 155.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jamøyane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Jamøyane
59°12′19″N 155°31′24″E / 59.205277777778°N 155.52333333333°E / 59.205277777778; 155.52333333333
Wikimedia Commons: Yam Islands
Relativt store, sovande stellersjøløver. Ein hann, ei ho og ein unge på Jamøyane nordaust i Okhotskhavet.

Jamøyane (russisk Ямские острова, Jamskije Ostrova) er ei lita øygruppe nær kysten nord i Okhotskhavet i Magadan oblast i Russland. Ho ligg om lag 250 km aust for Magadan, berre 10 km frå kysten av Pjaginhalvøya.

Den største øya er Matykiløya (Остров Матыкиль). Ho er 6 km lang og opp mot 2,2 km på det breiaste. Alle andre øyar er mykje mindre. Det høgaste punktet på Matykil er 700 meter over havet.

Dei andre øyane i øygruppa er Atykan (Остров Атыкан), Baran (Остров Баран), Khatemalju (Остров Хатемалью) og Kokontse (Остров Коконце).

Det finst stellersjøløver på Jamøyane, samt eit rikt mangfald av fuglar. Øyane er ein del av Magandskij Zapovednik eller eit verne bioområde i Magadan-området.

Jamøyane må ikkje forvekslast med Yam Island i Queensland i Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°15′N 155°29′E / 59.250°N 155.483°E / 59.250; 155.483