Jamdøgnsstorm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein jamdøgnsstorm er eit gammalt uttrykk for ein viss type uvêr som har vore nytta av sjøfolk på begge sider av Nord-Atlanteren. Det kan ha samband med at sesongen for dei tropiske orkanane er på topp i månaden for haustjamdøgn, det vil sei i september på den nordlege halvkula. Det kan òg ha samband med at dei første kraftige lågtrykka på høge og midlare breiddegrader gjerne opptrer i september på den nordlege halvkula, og mot slutten av mars på den sørlege halvkula.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«jevndøgnsstorm» i Store norske leksikon, snl.no.