James Arness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Arness

Fødd26. mai 1923
FødestadMinneapolis
Død3. juni 2011 (88 år)
DødsstadBrentwood
Aktive år1947–1994
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsprodusent
PrisarBronze Star Medal, Purple Heart, stjerne på Hollywood Walk of Fame

James Arness (fødd James Aurness 26. mai 19233. juni 2011[1]) var ein amerikansk skodespelar mest kjend for rolla som Marshal Matt Dillon i TV-serien Kruttrøyk gjennom 20 år. Han var òg kjend for rollefiguren Zeb Macahan i TV-serien I ville vesten/Familien Macahan og hovudrollefiguren Jim McLain i den actionfylde krimserien McClain's Law. Foreldra var Rolf Cirkler Aursnes og Ruth Duesler, barn av høvesvis norske og tyske immigrantar. Han var storebror til skodespelaren Peter Graves.

James Arness vart fødd i Minneapolis i Minnesota. Han gjorde teneste i den amerikanske hæren i 2. verdskrigen og vart skada i slaget om Anzio. Dette er årsaka til at han halta. Han var ein nær ven av John Wayne og spelte mot han i Big Jim McLain. Høgda på to meter gjorde han til den då høgaste skodespelaren som nokon gong hadde hatt ei hovudrolle.[2]

For bidraget til TV-industrien fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame ved 1751 Vine Street.

Arness døydde av naturlege årsakar i heimen i Brentwood i Los Angeles 3. juni 2011.[3]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Farmer's Daughter (1947)
  • Roses Are Red (1947)
  • Battleground (1949)
  • Wagon Master (1950)
  • Stars in My Crown (1950)
  • Sierra (1950)
  • Wyoming Mail (1950)
  • Two Lost Worlds (1951)
  • Belle Le Grand (1951)
  • Tingen fra en annen verden (1951)
  • Cavalry Scout (1951)
  • Iron Man (1951)
  • The People Against O'Hara (1951)
  • The Girl in White (1952)
  • Carbine Williams (1952)
  • Big Jim McLain (1952)
  • Hellgate (1952)
  • Horizons West (1952)
  • Lone Hand (1953)
  • Island in the Sky (1953)
  • The Veils of Bagdad (1953)
  • Hondo (1953)
  • Them! (1954)
  • Her Twelve Men (1954)
  • Many Rivers to Cross (1955)
  • The Sea Chase (1955)
  • Flame of the Islands (1956)
  • The First Traveling Saleslady (1956)
  • Gun the Man Down (1956)
  • Alias Jesse James (1959) (Cameo)
  • Comanche Stallion (2006)

Arbeid for TV[endre | endre wikiteksten]

  • Gunsmoke (1955–1975)
  • The Macahans (1976)
  • How the West Was Won (1977) (miniserie)
  • How the West Was Won (1978) (miniserie)
  • How the West Was Won (1979) (kansellert etter 20 episoder)
  • McClain's Law (1981–1982)
  • The Alamo: Thirteen Days to Glory (1987)
  • Gunsmoke: Return to Dodge (1987)
  • Red River (1988)
  • Gunsmoke: The Last Apache (1990)
  • Gunsmoke: To the Last Man (1992)
  • Gunsmoke: The Long Ride (1993)
  • Gunsmoke: One Man's Justice (1994)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «James Arness er død». Arkivert frå originalen 6. juni 2011. Henta 3. juni 2011. 
  2. James Arness – Filereference.com
  3. «'Gunsmoke' star James Arness dies at 88». today.msnbc.com. 3. juni 2011. Arkivert frå originalen 6. juni 2011. Henta 12. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]