James Beckford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Beckford


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 9. januar 1975 (49 år)
Saint Mary Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

James Beckford (fødd 9. januar 1975) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Saint Mary Parish på Jamaica. Han vann to VM-sølv og eitt OL-sølv i lengdehopp i tida 1995-2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Den 20. mai 1995 i Odessa i den US-amerikanske delstaten Texas landa Beckford på 17,92 m, etter eit tresteghopp under gunstige vindtilhøve som berre mangla 6 cm på å tangere verdsrekorden i øvinga. Tidleg i august debuterte han i verdsmeisterskap med å verte sjettemann i tresteghopp då meisterskapen 1995 fann stad i Göteborg, over meteren bak Jonathan Edwards frå Storbritannia, som her sette ein verdsrekord som framleis gjeld i 2019. Om enn Beckford var ein framifrå tresteghoppar, deltok han ikkje i den øvinga i seinare meisterskapstevlingar. Fem dagar etter trestegtevlinga i VM, kneip Beckford sølvmedaljen i lengdehopp, centimeteren føre verdsrekordhaldaren Mike Powell frå USA.

Under Sommar-OL 1996 i Atlanta vann Beckford ein ny sølvmedalje i lengdehopp, og nett som i Göteborg-VM hadde ingen å stille opp mot gullmedaljøren. Den 5. april 1997 presterte han sitt livs lengste godkjende lengdehopp då han fekk målt 8,62 meter ved eit stemne i Orlando i Florida i USA.

Sidan heldt ikkje Beckford eit like høgt toppnivå. Han lukkast likevel vinne sølvmedaljen i VM 2003. Året etter presterte han årsbeste med 8,31 m ved OL i Aten, ein centimeter for kort til å vinne medalje.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Beckford utestengd i tre månader frå tevlingar etter å ha testa positivt på det forbodne stoffet efedrin.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]