James Bradley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
James Bradley
James Bradley by Thomas Hudson.jpg
FøddMars 1693
Sherborne i Cheltenham i Gloucestershire i England
Død13. juli 1762 (69 år)
Skiveralls House, Chalford, Gloucestershire, England
NasjonalitetStorbritannia
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, dilettant, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Oxford
Alma materBalliol College i Oxford
Kjend forlysaberrasjon
Astronomer Royal
UtmerkingarCopleymedaljen, 1748
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

James Bradley (mars 169313. juli 1762) var ein engelsk astronom og tente som Astronomer Royal frå 1742, etter Edmund Halley. Han er mest kjend for to grunnleggande oppdagingar i astronomien, lysaberrasjon (1725–1728) og nutasjonen til jordaksen axis (1728–1748). Desse oppdagingane vart kalla «dei mest glimrande og brukbare dette hundreåret» av Jean Baptiste Joseph Delambre, ein astronomihistorikar, matematisk astronom og direktør ved Paris-observatoriet.[1]

Bradley studerte først teologi og vart professor i astronomi i Oxford i 1721. Astronomer Royal var han frå 1742 til 1761.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Histoire de l'astronomie au dix-huitième siècle, s. 413 (edited by Claude-Louis Mathieu, and published by Bachelier, Paris, 1827). Sjå òg s. xvii and 420.