James Carter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Carter


Statsborgarskap USA
Fødd 7. mai 1978 (45 år)
Baltimore
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

James Carter (fødd 7. mai 1978) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Baltimore som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Han vann sølvmedaljen i øvinga ved VM i friidrett 2005.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Carter vart fjerdemann på langhekken både under Sommar-OL 2000 og OL 2004. I mellomtida, sesongen 2002, vann han IAAF-turneringa i øvinga. Han gjorde sitt livs løp i VM-finalen i Helsinki der han sette personleg rekord med tida 47,43 sekund og sikra seg sølvmedaljen. I den neste verdsmeisterskapen, i Osaka i 2007, vart han atter ein gong nummer 4 på 400 m hekk.

Carter vart USA-meister på langhekk i 2002, 2004 og 2007.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]