James Craig, 1. visegreve Craigavon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
James Craig, 1. visegreve Craigavon
James Craig Viscount Craigavon.jpg
Fødd8. januar 1871
Belfast
Død24. november 1940 (69 år)
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiUlster Unionist Party
Yrkepolitikar
Utdanna vedMerchiston Castle School
MorEleanor Gilmour Brown
FarJames Craig
EktefelleCecil Tupper
BarnJames Craig, 2nd Viscount Craigavon, Patrick William Dennis Craig, Ellinor Aileen Cecil Craig
MedlemOrangeordenen

James Craig, fyrste visegreve Craigavon (8. januar 187124. november 1940) var ein framståande irsk unionistpolitikar, truleg den viktigaste på heile 1900-talet. Craig var leiar for Ulster Unionist Party og den fyrste statsministeren for provinsen Nord-Irland. Hsn vart britisk baronett i 1918 og vart forfemja inn i adelen som visegreve i 1927.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

James Craig vart fødd i den nordlege delen av grevskapet Down som det sjuande barnet og den sjette sonen av James Craig og Eleanore Craig (fødd Gilmore Browne).[1] På morsida ætta han på ein velståande familie som åtte eigedom i Belfast og ein gard ved Lisburn.

Faren hadde skotsk slektsbakgrunn, og var ein oppkomlingskapitalist som hadde arbeidd seg opp og fram gjennom møllearbeid og linbleiking.[2] Til slutt hadde han vorte millionær og eigar av whiskeydestilleriet Dunville & Co, som har vore ein av svært få irske whiskeyprodusentar som har skrive whiskey utan e, det vil seia på den skotske måten.</ref> Engelskspråklege Wikipedia - https://en.wikipedia.org/wiki/Dunville_%26_Co .</ref>

Faren sende James Craig til skulegang på Merchiston Castle School i Edinburgh, Skotland. Etter skulegangen starta han med aksjemekling, og han skipa medkvart eige firma i Belfast.[3]

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

James Craig meldte seg til teneste for den tredje battaljonen i Royal Irish Rifles i januar 1900 for å delta i den andre boarkrigen. Royal Ulster Rifles og Royal Irish Rifles var irskrekrutterte avdelingar i den britiske hæren, dei vart tilordna det nyskipa Imperial Yeomanry, og Craig tenestegjorde som løytnant. I mai 1900 vart han teken til fange av boarane, men vart slept fri på grunn av ein øyreskade. Då han friskna til vart han sett inn i teneste som deputy assistant director for Imperial Military Railways, der han skal ha utmerkt seg som ein dugande organisator. I juni 1901 vart han send heim på grunn av dysenteri, og då han friskna til att var krigen over. Han vart like etter forfremja til kaptein i tredje bataljon av Royal Irish Rifles. Det militære skal ha passa han godt, men Craig skal ha vore kritisk til profesjonaliteten og effektiviteten i den britiske hæren.[4]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Craig (nummer tre frå venstre) med resten av regjeringa, i 1921
Gravstaden, parlamentsområdet på Stormont i aust-Belfast

James Craig tok ogso sjølv ansvar for å delta i organiseringa av propaganda for Nord-Irland, si regjering og sitt parti i media både i Nord-Irland, i Storbritannia og elles gjennom rolla som president i Ulster Association ein periode frå 1922.


Regjeringane Craig (1921-1940)[endre | endre wikiteksten]

The Cabinet in 1921. From left to right, Bates, Londonderry, Craig, Pollock, Archdale and Andrews
Ministerpost Namn Periode
Statsminister James Craig, seinare 1. visegreve Craigavon 7. juni 1921–24. november 1940
Finansminister Hugh Pollock frå 7. juni 1921
J.M. Andrews frå 21. april 1937
Minister for "Home affairs" Richard Dawson-Bates frå 7 juni 1921
Utdanningsminister Markien av Londonderry frå 7. juni 1921
James Caulfeild, 8. viscount Charlemont frå 8. januar 1926–13. oktober 1937
J.H. Robb frå 1. desember 1937
Landbruksminister Edward Archdale frå 7. juni 1921
Basil Brooke frå 1. desember 1937
Arbeidsminister J.M. Andrews frå 7. juni 1921
D.G. Shillington frå 21. april 1937
J.F. Gordon frå 29. august 1938
Handelsminister Milne Barbour Posten oppretta 16. juni 1925

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Art Byrne og Sean MacMahon: Great Northerners. Swords, Poolbeg 1994 ISBN 1-85371-106-3 s. 54.
  2. Craig, James - first Viscount Craigavon i Oxford Dictionary of Biography. https://www.oxforddnb.com/view/10.1093/ref:odnb/9780198614128.001.0001/odnb-9780198614128-e-32609. https://doi.org/10.1093/ref:odnb/32609 Lese 16. juli 2019.
  3. Engelskspråkleg Wikipedia James Craig, 1. viscount Craigavon, https://en.wikipedia.org/wiki/James_Craig,_1st_Viscount_Craigavon - lese 16. juli 2019.
  4. Avsnittet om militær karriere er eit samandrag av eit tilsvarande avsnitt frå engelskspråkleg Wikipedia: https://en.wikipedia.org/w/index.php?title=James_Craig,_1st_Viscount_Craigavon&action=edit , lese 16. juli 2019. St. John Ervine: Craigavon Ulsterman. London, George Alle & Unwin Ltd 1949 s. 54-65 gjev og detaljar om den militære karriera til Craig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]