James Dean av Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Dean
Singel av Eagles
frå albumet On the Border
B-side

«Good Day in Hell»

Utgjeve 14. august 1974
Sjanger hardrock, rock and roll[1]
Lengd 3:36
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Don Henley, Glenn Frey, Jackson Browne, J.D. Souther
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi 
«Already Gone»
(1974)
James Dean «Best of My Love»
(1974)


«James Dean» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey, Jackson Browne og J.D. Souther, og spelt inn av det amerikanske rockebandet Eagles i 1974 for albumet On the Border. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde 77. plassen på den amerikanske singellista.

Songen handlar om den amerikanske skodespelaren og kulturikonet James Dean (1931–1955). Han spelte i filmar som Rebel Without a Cause, Giant og East of Eden før han døydde i 1955. Teksten «too fast to live, too young to die» syner den skadelege og farlege livsstilen hans.

«James Dean» vart spelt inn tidleg under det som skulle bli Desperado i 1973, men vart skrinlagt sidan prosjektet utvikla seg til å bli eit Ville vesten-tema. Då innspelinga byrja for On the Border, vart songen henta inn att og fullført.[2]

B-side «Good Day in Hell» er kjend som den første Eagles-songen med Don Felder, som vart med i bandet under innspelinga av dette albumet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/on-the-border-mw0000193647
  2. The Very Best Of (CD). Eagles. Warner Music Group. 2003. R2 73971.