James Fenimore Cooper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Fenimore Cooper på fotografi frå 1850

James Fenimore Cooper (15. september 178914. september 1851) var ein USA-amerikansk forfattar som i ein lang rekke romanar og reiseskildringar nådde eit stort publikum i heimlandet, så vel som over store delar av Europa. Hans meste kjende roman, Den siste mohikaner frå 1826, kom ut i Noreg så tidleg som 1831 og har sidan kome i fleire nye omsetjingar og utgjevingar. Trebandsverket Lærstrømpe skapte den ikoniske nordamerikanske stigfinnaren, ein figur som har vorte reprodusert i tallause western-romanar. På nynorsk har kome ut Veghittaren i 1907, omsett av Idar Handagard, medan Johs. Bruheim og Norsk Barneblads Forlag stod bak Hjorteveidar og Stigfinnaren, begge utkom på 1950-talet. Copper var sjømann i ungdomen, og fleire av romanane skildrar livet ombord i seglskuter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]