James Hopwood Jeans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Hopwood Jeans.jpg

Sir James Hopwood Jeans (11. september 187716. september 1946) var ein engelsk fysikar, astronom og matematikar.

Frå 1905 til 1909 var han professor i praktisk matematikk ved Princeton University i USA, og frå 1910 til 1912 forelesar i Cambridge og 1922 i Oxford. Han var sekretær i Royal Society frå 1919 til 1929 og frå 1934 professor i astronomi ved Royal Institution i London. Jeans gjorde viktige arbeid innan fysikk og astrofysikk, og er særleg kjend for lova si for energistråling frå ein svartlekam og arbeida om opphavet til solsystemet, danninga av dobbeltstjerner go tilstanden i det indre av ei stjerne.

Av dei mange kjende bøkene hans finn ein mellom andre The Mysterious Universe (1930), The Stars in their Courses (1931, norsk omsetjing Det store univers), Through Space and Time (1934) og Physics and Philosophy (1942).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]