James Maxton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Maxton
Fødd22. juni 1885
Pollok
Død23. juli 1946 (61 år)
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiIndependent Labour Party
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversity of Glasgow
Hutchesons' Grammar School

James Maxton (22. juni 188523. juli 1946) var ein skotsk politikar. Han var fødd ved Glasgow som son av to skolelærarar, noko han blei sjølv au, sidan.

I 1904 melde han seg inn i Independent Labour Party ILP, som var kollektivt tilslutta Labour Party, Det britiske arbeidarpartiet.

Maxton var motstandar av første verdskrigen og måtte sitte eit år i fengsel på grunn av det.

Han blei innvald i det britiske parlamentet for kretsen Glasgow Bridgeton i 1922, og leidde ILP frå da av. Han var på denne tida tilhengar av at ILP skulle halde fram med å vere tilslutta Labour Party, men endra syn sidan, og leidde det venstresosialistiske partiet ut av sambandet med Labour Party i 1932.

Maxton døydde i 1946, medan han framleis var sittande parlamentsmedlem for Glasgow Bridgeton. Etter det stagnerte ILP, og på 1970-talet blei det lagt ned.

James Maxton var rekna som ein av dei største talarane på si tid, både i parlamentet og utanfor.