James Prescott Joule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Prescott Joule

James Prescott Joule (24. desember 181811. oktober 1889) var ein britisk fysikar fødd i Salford nær Manchester i England.

Skisse av Joule sitt vassrøreeksperiment for å finna samanhengen mellom mekanisk arbeid og varme.

Gjennom studiar av varme kom han fram til at han hadde likskapar med arbeid, og er dermed ein av grunnleggjarane av læra om varme som ei form for energi. Arbeidet hans leidde også til formuleringa av den første loven innan termodynamikk. Joule samarbeidde med Lord Kelvin om å utvikla ein absolutt temperaturskala, studerte magnetostriksjon (at ein gjenstand endrar storleik ved magnetisering) og oppdaga Joules lov.

Joule blei vald inn i Royal Society i 1850 og fekk fleire utmerkingar, mellom anna Royal Medal (1852) og Copleymedaljen (1870). SI-eininga for arbeid, joule, er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: James Prescott Joule
Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.