James Tissot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Tissot - Photo 017.jpg

James Tissot (15. oktober 18368. august 1902), fødd Jacques-Joseph Tissot, var ein fransk kunstmålar og illustratør. Han er kjend for sosietetsbilete og seinare av religiøse motiv.

Jacques-Joseph Tissot var fødd i den franske byen Nantes. Han lærte målarkunst ved École des Beaux-Arts in Paris under Ingres, Flandrin og Lamothe, og debuterte ved Parissalongen 23 år gammal.

«A Little Nimrod» (ca. 1882)
Ei annleis illustrasjon til krossfestinga av Jesus i «What Our Saviour Saw from the Cross».

Tissot kjempa i den fransk-prøyssiske krigen. Mistenkt for å vera ein communard, ein som støtta Pariskommunen, flykta han til London. Her studerte han gravering hjå Seymour Haden, og teikna karikaturar for Vanity Fair. Påverka av Manet og Alfred Stevens måla Tissot portrett og sjangerbilete med motiv frå sosieteten. Seinare festa han seg ved religiøse motiv og heldt ei tid til i Palestina. Tissot laga rundt 700 akvarellar med motiv frå Nytestamentet og livet til Jesus, der han skilde seg ut frå tidlegare avbildingar ved å legga vekt på realistiske detaljar. Seinare byrja han å illustrera Gamletestamentet, men døydde under arbeidet, ved det franske klosteret i Buillon i Doubs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: James Tissot
Spire Denne kunstartikkelen som har med Frankrike og England å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.