James Tobin
| James Tobin | |||
| | |||
| Fødd | 5. mars 1918 Champaign | ||
|---|---|---|---|
| Død | 11. mars 2002 New Haven | ||
| Nasjonalitet | USA | ||
| Område | samfunnsøkonomi | ||
| Yrke | samfunnsøkonom, statistikar, professor, militær | ||
| Institusjonar | Yale University | ||
| Alma mater | Harvard University University Laboratory High School University of Illinois i Urbana-Champaign | ||
| Doktorgradsrettleiar | Joseph Schumpeter | ||
| Barn | Christina Tobin | ||
| Medlem | American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences Econometric Society American Philosophical Society | ||
James Tobin (5. mars 1918–11. mars 2002) var ein USA-amerikansk økonom.
Tobin vart fødd i Champaign i Illinois. Han vart uteksaminert frå Harvard University, arbeidde som økonomisk rådgjevar for regjeringa til John F. Kennedy, og underviste i mange år ved Yale University. I 1981 fekk han Nobelprisen i økonomi for forskninga si på finansmarknadene.
Tobin talde for og utvikla ideane i keynesiansk økonomi. Han meinte at styresmaktene burde gripe inn i økonomien for å halde sysselsetjinga og produksjonen stabil, og for å hindre resesjonar.
Namnet til James Tobin er særleg knytt til omgrepa Tobins Q og «Tobin-skatten». Det sistnemnde er ein skatt på valutatransaksjonar for å gjera kapitalen mindre mobil. ATTAC og andre anti-globaliseringsrørsler er sterke forkjemparar for ein slik skatt, sjølv om deira versjon av skatten er ein del endra i forhold til framlegget frå Tobin.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- James Tobin hjå Nobelstiftelsen (på engelsk)