Jamie Muhoberac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jamie Muhoberac
Fødd11. september 1965 (58 år)
FødestadDallas
OpphavUSA
Instrumenttangentinstrument
Verka somklaverspelar

Jamie Muhoberac er ein USA-amerikansk studiomusikar og klaverspelar som har spelt for mange forskjellige artistar, som The All-American Rejects, Fleetwood Mac, The Rolling Stones, Backstreet Boys, Chris Cornell, My Chemical Romance, Paradise Lost og Pet Shop Boys. Han har ofte arbeidd med produsenten Trevor Horn, mellom anna for Seal og Rod Stewart.

I nyare år har han arbeidd med Avenged Sevenfold, Sum 41, Joe Cocker, Phil Collins, John Mayer og Front Line Assembly.

Far hans er studiomusikaren Larry Muhoberac, som arbeidde med mellom andre Barbra Streisand, Neil Diamond, Dean Martin og Elvis Presley.[1] Bror hans Parrish Muhoberac er òg musikar og produsent.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.moogmusic.com/newsarch.php?cat_id=27
  2. Potts, Henry (2. juni 2006). «Fundamental». Yescography. Henta 6. september 2006.