Jamina Roberts
| Jamina Roberts | |
| Statsborgarskap | Sverige |
| Fødd | 28. mai 1990 (36 år) Göteborg |
| Idrett | handball |
| Tok del i | Handball-EM 2016 for kvinner, Handball-EM 2018 for kvinner, Handball under sommar-OL 2012 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under sommar-OL 2020 – Kvinner |
Jamina Caroline Roberts (fødd 28. mai 1990) er ein svensk handballspelar frå Göteborg. Ho vann sølvmedalje i europameisterskapen 2010 og bronsemedalje i europameisterskapen 2014 med det svenske landslaget. I 2023 var ho med på å vinne EHF-meisterligaen for norske IK Våg|Vipers. Roberts er høgre rykkromspelar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Roberts spelte på IK Sävehof sitt lag frå 2009 til 2014, alle fem åra vart ho seriemeister. I to sesongar, 2014-16, gjorde ho teneste i danske Tvis Holstebro. Her var ho med på å vinne EHF-cupen 2015 og EHF-cupvinnarcupen 2016. Sesongen 2016/17 var ho atter Sävehof-spelar. Deretter spelte ho ein sesong for ungarske Érdi VSE og så drygt halvtanna år for danske Randers HK. 2020-22 gjorde Roberts unna si tredje periode med IK Sävehof, seriemeister 2022. Sommaren 2022 skreiv ho kontrakt med norske IK Våg/Vipers. Med Vipers vart ho norsk cupmeister og seriemeister i to år på rad. Høgdepunktet for Roberts kom då ho og lag-venninnene sigra i EH-meisterligaen 2023. Etter Vipers gjekk konkurs i januar 2025 slutta ho seg til det danske topplaget Ikast Håndbold. Våren 2025 tapte Ikast og Roberts finalen i EHF-cupen.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Roberts fekk sin landslagsdebut i 2010 og har pr dato delteke i 244 av Sverige sine landskampar. Ho var med i mannskapet som tok seg til finalen i Handball-EM 2010, eit oppgjer Sverige tapte 20–25 mot Noreg. I 2014 sikra ho og Sverige seg bronsemedaljen i europameisterskapen. Under dei olympiske leikane i Tokyo i 2021 kom Roberts med på All-Star-laget. Både under Sommar-OL i Tokyo 2021, Handball-VM 2023 og Sommar-OL 2024 i Paris måtte Sverige og Roberts sjå seg slått i respektive bronsefinalar. Roberts har skåra 671 mål for Sverige.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- EM-sølv: 2010 med Sverige
- EM-bronse: 2014 med Sverige
- Vinnar av meisterliagen: 2023 for Vipers
- Vinnar av EHF-cupen: 2015 for Tvis Holstebro
- Vinnar av cupvinnarcupen: 2016 for Tvis Holstebro
- Svensk seriemeister: 2010, 2011, 2012, 2013, 2014, 2022 med IK Sävehof
- Norsk cupmeister: 2022/3, 2023/4 for Vipers
- Norsk seriemeister: 2023, 2024 for Vipers
- Finalist i EHF-cupen: 2025 for Ikast
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jamina Roberts» frå Wikipedia på tysk, den 15. juni 2025.