Jamstellingsvedtaket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jamstellingsvedtaket er ei nemning på eit vedtak gjort i Stortinget den 12. mai 1885. Vedtaket var ei oppmoding til den norske regjeringa: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» Vedtaket førte til at landsmål, det seinare nynorsk, vart eit offisielt skriftspråk i Noreg. Skriftspråket som på 1800-talet var standard skriftspråk vart kalla riksmål, som i det meste var likt dansk skriftspråk. Vedtaket vart gjort med 78 røyster frå partiet Venstre mot 31 røyster frå partiet Høgre.

Vedtaket fann stad etter fleire tiår med ordskifte og forsiktig fornorsking av det danske skriftspråket. Johan Sverdrup var på den tida formann for Venstre og kjempa fram vedtaket. Ein annan pådrivar for vedtaket var kyrkjeminister Elias Blix.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]