Jan Adolph Budde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jan Adolf Budde)
Jan Adolph Budde

Fødd25. november 1811
Stavern
Død3. april 1906
Austrått i Sandnes
Yrkeagronom

Jan Adolph Budde (25. november 18113. april 1906) var ein norsk agronom som i perioden 1846-1876 dreiv landbruksskule på Austrått i Høyland ved Sandnes i Rogaland. Han var ei drivande kraft for det landbruksteknologiske miljøet som var på Jæren på denne tida. Landbruksskulen var berre ein av fleire aktivitetar Budde dreiv for å fremja landbruksutvikling i Rogaland. Han hadde også tillitsverv i Landshushaldningsselskapet. A. Buddes veiVåland i Stavanger ber namnet hans.


Nye reiskap og utvikling av desse stod sentralt i undervisinga på skulen og i føredrag han reisete rundt med og i artiklar i ymse tidsskrift.

Elevane skulle læra både å laga og bruka det vanlegaste landbruksreiskapen som var høveleg for distriktet. Elevane hadde engelske lærebøker og kopierte teikningar av ulik reiskap. I teoriundervisninga blei det gjennomgått konstruksjonsmåtar for ei rekkje reiskapar. På skulen var det både ein eigen snikarverkstad og ei smie. Av reiskapane som blei laga av elevane på skulen kan nemnast:

  • Doble skotske horver
  • Nepesåmaskinar
  • Tromler med delt stokk
  • «Skjæremaskine for Turnips»
  • «Kornrensingsmaskine»
  • «Drilkultivartor med 2 Sæt Jern - heelt af jern»
  • «Kornsækruller»
  • Kjerrehjul

Kjende elevar[endre | endre wikiteksten]

Kjende grunnleggjarar av reiskapsfabrikkar som alle har gått på J.A. Buddes landbruksskule:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]