Jan Anders Presthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Anders Presthus
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mai 2000 (23 år)
Bergen

Jan Anders Presthus (fødd 9. mai 2000) er ein norsk dansar som vart europameister i steppdans i sin klasse i 2014. Han prøver å utvikla norsk steppdans frå ei kunstform til også å bli ein konkurranseidrett.[1]

Alt som åtteåring deltok han i flere talentprogram på TV, liksom systera Tina Presthus. Temaet i «Kvitt eller dobbet» (NRK, 2008) var «Romkappløpet mellom USA og Sovjetunionen 1957-75».[2] I Norske talenter (TV2, 2009) kom han til semifinalen, der han steppa til «Singing in the Rain».[3] Frå 2013 har han representert Noreg ved dei årlege steppdansmeisterskapa (EM og VM) i regi av International Dance Organization (IDO). Frå 2016 har han stilla i seniorklassen.

Norges Danseforbund kåra Presthus til «årets nykommer» i Dance Awards 2014.[4] Han fekk opptre som steppdansar og prisutdelar i «open klasse» på Idrettsgallaen 2015.[5] I 2016 vart han tildelt Drømmestipendet av Norsk tipping og Kulturskolerådet.[6]

Presthus er busett på Stord og har fått danseundervisning av Jorunn Whittaker ved Stord kulturskule og Magdalena From Delis og Nathanael Larsson i Spinae Company.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Presentasjon av Presthus på Norges Danseforbunds nettside. ««VM Tap dance 2015 – Norges Danseforbun». Arkivert frå originalen 18. november 2016. Henta 17. november 2016. ».
  2. NRK-presentasjon av Presthus som deltakar i Kvitt eller dobbelt «[1]».
  3. TV2s presentasjon av Presthus som deltager i Norske talenter «[2]».
  4. Norges Danseforbunds nettside: dansing.no ««Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 18. november 2016. Henta 17. november 2016. ».
  5. Reportasje i lokalavisen Sunnhordland «[3]». Arkivert 2016-11-18 ved Wayback Machine.
  6. Presentasjon av Presthus på Drømmestipendets nettside «[4]».
  7. Presentasjon av Presthus på Norges Danseforbunds nettside. ««Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 18. november 2016. Henta 17. november 2016. ».