Hopp til innhald

Jan Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jan Berg (fødd 14. mai 1965) er ein tidlegare fotballspelar frå Molde. Han var aktiv i Molde Fotballklubb periodane 1982–88 og 1991–95. I mellomtida var han den fyrste norske fotballspelaren som spelte for ein La Liga-klubb i Spania. Berg var ein dribleflink vengspelar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Berg slo gjennom som 17-åring då Molde vart sist i 1. divisjon. Han skåra 8 mål og var lagets toppskårar i serien og deltok i cupfinalen 1982, då klubben for fyrste gong spelte NM-finale. Frå januar 1989 var han den fyrste norske proffspelaren i spanske La Liga. Etter eit halvår med botnlaget Elche FC spelte han frå august 1989 til mars 1991 for Rayo Vallecano. Også dette laget skulle ende sist i La Liga. I april 1991 vende han tilbake til Molde FK. Han var aktiv til 1995, utan å ha ei like sentral rolle i laget som han hadde i 1980-åra.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Berg landslagsdebuterte som 17-åring i Kuwait 13. november 1982. Fram til 7. mars 1990 i Attard på Malta deltok han i 23 landskampar utan å skåre mål. Han var med i troppa til Sommar-OL 1984 i Los Angeles, var innbytar i ein kamp. Berg og lagkameratane tapte mange landskampar. Ein einaste større triumf var han med på. Den 16. juni 1987 vann Noreg overraskande 2–0 over Frankrike i ein EM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion. På det franske laget spelte karar som Manuel Amoros og Jean Tigana, sistnemnde var kaptein.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Tapande cupfinalist: 1982 med Molde FK
  • Sølvplass i 1. divisjon: 1987 med Molde FK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]