Jan Bojer Vindheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Bojer Vindheim

Fødd23. november 1945 (78 år)
Sauda kommune
Statsborgar avNoreg
PartiMiljøpartiet Dei Grøne (1989)
Yrkeskribent, politikar, journalist, lyrikar, forleggjar

Jan Bojer Vindheim (fødd 23. november 1945) er ein norsk skribent og politikar. Han var sentral i norsk motkultur på 1960- og 70-talet, m.a. som redaksjonsmedlem av Gateavisa og redaktør av tidsskriftet Vannbærereren.

Vindheim var mellom grunnleggjarane av Arbeidskollektivet i Hjelms gate i Oslo. I åra 1972–78 var han busett i kollektivKarlsøy i Troms.

I tidsrommet 1991–2003 og frå 2007 - til no har han vore bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne i Trondheim. Han har vore nasjonal talsperson for Dei Grøne i fleire vende.

Utgjevingar:[endre | endre wikiteksten]

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

  • Radio lys (1970)
  • Fiskene forsvinner (1972)
  • Rav vind (1975)
  • Juvéltreet (1978)
  • Fugl Fønix (1995)

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Vestens mysterier (1990; ny utgåve 2005)
  • Inn i hampen (2000)