Jan Fjærestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Fjærestad
Jan Fjærestad.jpg
Fødd 28. februar 1954

Jan Fjærestad (fødd 28. februar 1954) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar og friidrettsutøvar. I orientering tok han individuelt VM-sølv i 1974 og vart stafett-verdsmeister i 1978, medan han som friidrettsutøvar vart nordisk meister i maraton 1977 og sikra seg til saman ni NM-titlar i ulike lange løpstevlingar som landevegsløp, maraton og terrengløp. Han var i alle år medlem i Fana Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Orientering[endre | endre wikiteksten]

Fjærestad byrja tevle som orienteringsløpar. Under VM i orientering 1974 overraska han og tok sølvmedaljen i den individuelle tevlinga. Han deltok også på dei norske VM-stafettlaga som tok høvesvis bronse i 1974, sølv i 1976 og gull i 1978.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Frå 1976 tok Fjærestad så smått til å satse på friidrett. I tida 1949 til 1981 vart annakvart år arrangert nordisk meisterskap i maraton. Fjærestad vann 1977-meisterskapen, etter ein tett tvekamp med svenske Lars Enquist. Han slo Enquist med fire tidels sekund, og vart dermed den einaste nordmannen som vann nordisk meisterskap i maraton. I 1978-sesongen nærma han seg den norske eliten på langdistansane på bane, med personleg rekord på 5000 meter på 13.37,2 og på mila med 28.34,7. Han deltok i maraton under friidretts-EM 1978, men braut løpet grunna ein skade han hadde plagast med ei tid.

I 1981 gjorde Fjærestad sitt livs beste milløp då han vart nummer fem i Bislett Games på tida 28.25,5, årsbeste i Noreg det året. To år seinare deltok han i VM i terrengløp og under det fyrste friidretts-VM på bane i maraton, og hamna langt nede på resultatlistene.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister i 20 km terrengløp: 1977
  • Noregsmeister i 25 km landevegsløp: 1977, 1978, 1980, 1982 og 1984 (5 sigrar)
  • Noregsmeister i maraton: 1978, 1979, 1982 (3 sigrar)
  • 1981: Bronsemedalje på 5000 m – 13.59,5
  • 1983: Sølvmedalje på 10 000 m – 29.22,5, og bronsemedalje på 5000 m – 14.04,0

Etter han trappa ned på eigenaktiviteten sist i 1980-åra, har Fjærestad vore trenar i BFG Fana, mellom andre for langdistanseløparen Kirsten Melkevik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]