Jan Fridthjof Bernt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Fridthjof Bernt
Fødd6. juli 1943
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, jurist
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversity of Michigan
University of Michigan Law School
Universitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Jan Fridthjof Bernt (fødd 6. juli 1943) i Bergen) er professor i rettsvitskap og tidlegare preses i Det Norske Videnskaps-Akademi.

Bernt tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1968, tok doktorgrad i juss ved Universitetet i Bergen i 1971 og vart professor i 1980.

Han har utgjeve ei rekkje bøker og artiklar innan blant anna forvaltningsrett, kommunalrett og generell rettsvitskap. Bernt har vore medlem og leiar for ei rekkje offentlege lovutval, mellom anna utvala som utarbeidde universitetslova og kommunelova.

I 2005 var Bernt preses i Det Norske Videnskaps-Akademi og han er i dag visepreses i akademiet. Han er òg leiar for styret til Holbergprisen, og har tidlegare vore rektor ved Universitetet i Bergen og prodekanus ved Det juridiske fakultetet.

Han vart utnemnt til Riddar av den første klassa av St. Olavs orden i 2000. I 1997 vart Bernt utnemnt til storriddar av Den islandske falkeorden.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Med Synne Sæther Mæhle: Rett, samfunn og demokrati, Oslo 2007
  • Med Oddvar Overå: Lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. sept. 1992 nr. 107 med kommentarer, Oslo 1993, 4. utg. Oslo 2006
  • Lov om universiteter og høyskoler av 2005 med kommentarer, Bergen 2006
  • Med Ørnulf Rasmussen: Frihagens forvaltningsrett. Bind I. Innledning til forvaltningsretten. Dokumentoffentlighet. Informasjonsbehandling. Inhabilitet. Saksbehandling. Klage og omgjøring, Bergen 2003
  • Med Oddvar Overå og Harald Hove: Kommunalrett, Oslo 1987, 4. utg. Oslo 2002
  • Lov om universiteter og høgskoler med kommentarer, Bergen 1996, 3. utg. Bergen 2000
  • Med Asbjørn Kjønstad, Alice Kjellevold og Harald Hove: Sosial trygghet og rettssikkerhet, Bergen 1993, 2. utg. Bergen 2000
  • Med David R. Doublet: Juss, samfunn og rettsanvendelse. En introduksjon til rettsvitenskapen, Oslo 1996, 2. utg. Oslo 1999
  • Med David R. Doublet: Vitenskapsfilosofi for jurister - En innføring, Bergen 1998
  • Med David R. Doublet: Retten og vitenskapen. En introduksjon til rettsvitenskapens vitenskapsfilosofi, Bergen 1992, 2. utg., Bergen 1993
  • Avtaler med stat og kommune, Bergen 1981

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Falkaordan 1997, Forseti Íslands.