Jan Grund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Grund
Rektor Jan Grund.jpg
Fødd 22. juli 1946 (75 år)
Yrke professor

Jan Grund (fødd 22. juli 1946) er ein norsk BI-professor i økonomi. Jan Grund er utdanna sosialøkonom frå Universitetet i Oslo. Han er dessutan styreleiar ved Oslo Nye Teater og styremedlem i Oslo Kinematografer i tillegg til Black Box Teater. Han har dessutan medverka som ressursperson i ei rekke regjeringsoppnemnde utval.

I 2008 utga Grund boka Kulturpolitikk er kunst. Den belyser aspekt ved norsk kulturpolitikk, korleis kulturinstitusjonar blir organisert og korleis ein må forstå og handtere dei[1].

Grund tiltrådte 1. april 2008 stillinga som rektor ved Høgskolen i Akershus (HiAk), der han er tilsett i eit åremål for fire år.

Han er son av tidlegare justisminister Inger Louise Valle.

Grund er busett i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 8. september 2008. Disse kan styre Nasjonalmuseet