Jan Halvor Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Halvor Halvorsen
Personleg informasjon
Fødd 8. mars 1963 (52 år)
Fødestad Bamble
Spelarposisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande klubb Lagt opp
Ungdomskarriere
1976- Pors
Seniorspelar*
År Lag Kmp (mål)
? Pors 0? (?)
1983-1985 Eik Tønsberg 47 (1)
1986 Jerv 0? (?)
1987-1988 Brann 42 (1)
1989 Start 08 (0)
1989-1992 Hertha Berlin 74 (5)
1992-1994 AGF Århus 67 (1)
1994 Sogndal 11 (0)
1995-1996 Rosenborg 00 (0)
1996 Byåsen IL 0? (?)
Landslag
1989-1990 Noreg 05 (0)
Trenarlag
1996-1998 Byåsen IL
1999-2002 Start
2003-2004 Sogndal
2005 GIF Sundsvall
2006-2009 Notodden FK
2011-2012 New York Red Bulls (assistent)
2013 Bodø/Glimt
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen.
† Kampar (mål).

Jan Halvor Halvorsen (fødd 8. mars 1963) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare spelar. Han er i dag (2013) hovudtrenar for Bodø/Glimt.

Han debuterte for Pors Grenland i 1. divisjon som 15-åring i 1978.[1] I løpet av den aktive karrieren sin spelte han for Pors, Eik, Brann, Start, Hertha Berlin, Sogndal, AGF Århus og Rosenborg.

Halvorsen fekk fem landskampar for Noreg.[2]

Etter den aktive karrieren vart Halvorsen trenar i Byåsen, før han drog vidare til Start, Sogndal, GIF Sundsvall og Notodden Fotballklubb. I den første sesong som Notodden-trenar førte han laget opp frå 2. til 1. divisjon. Halvorsen avslutta hausten 2012 ein toårskontrakt som assistent i New York Red Bulls. På ein forseinka pressekonferanse 19. desember 2012 vart Halvorsen presentert som ny hovudtrenar for Bodø/Glimt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jan Halvor tilbake i byen. Porsgrunns Dagblad (2004-06-29). Arkivert frå originalen den 2009-08-10. Vitja 22. mai 2013.
  2. Jan Halvor Halvorsen (2001). Arkivert frå originalen den 2009-08-10. Vitja 22. mai 2013.
  3. Glimt-trener er klar, an.no