Jan Inge Fardal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Inge Fardal
NMD Oss og dem - NMD 2018 (40988155535) (cropped).jpg
Fødd 1958
Yrke redaktør

Jan Inge Fardal (fødd 1958) er sogndøl og redaktør i Sogn Avis frå hausten 2006.

Jan Inge Fardal vart tilsett i Sogningen/Sogns Avis på 1980-talet og jobba som journalist der til han vart tilsett i Sogndal Fotball i 1987. Han var sportsleg leiar i 1988 og 1989, dei åra Oa Ljungberg var trenar i klubben. Saman med Svein Bakke tok han hausten 1989 initiativ til å tilsetja Harald Aabrekk som trenar. I 1991 var han attende som redaksjonssjef i Sogningen/Sogns Avis, ein jobb han heldt fram i også då Sogningen/Sogns Avis og avisa Sogn og Fjordane fusjonerte til Sogn Avis i 1993.

Fardal er òg kjend som tekstforfattar av Sogndals populære supportersong «Stao No Pao». Per Kristian Indrehus, Muffe frå Drama, skreiv melodien.