Jan Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Johansen
Steinar Amundsen, Jan Johansen 1968.jpg
Steinar Amundsen til venstre, Jan Johansen til høgre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. desember 1944
Tønsberg
Idrett padling
Yrke padler

Jan Johansen (fødd 3. desember 1944) er ein norsk tidlegare kajakkpadlar frå Tønsberg som saman med Steinar Amundsen, Tore Berger og Egil Søby vart olympisk meister 1968 i firarkajakk, europameister 1969, verdsmeister 1970 og vinnar av OL-bronse 1972 i same øvinga. Johansen var medlem i Tønsberg Kajakklubb.

Johansen vann elles VM-sølv 1966, EM-sølv 1969 og VM-sølv 1971 i toarkajakk i par med Egil Søby. Han vann 6 nordiske meistertitlar og i perioden 1962–83 34 NM-medaljar, fire i einarkajakk. Johansen vart tildelt kongepokalen i 1965 og Fearnleys olympiske ærespris i 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]