Jan Kristian Fjærestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Kristian Fjærestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. september 1963 (60 år)
Sarpsborg kommune
Idrett fotball

Jan Kristian Fjærestad (fødd 4. september 1963) er ein tidlegare fotballspelar frå Sarpsborg. Han vart seriemeister for Moss Fotballklubb i 1987 og deltok 1987-88 i åtte landskampar for Noreg. Fjærestad var angrepsspelar, sterk i hovudduellar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Fjærestad var med å ta Hafslund Idrettsforening frå 5. til 3. divisjon. Våren 1984 melde han overgang til Moss FK. Han var litt ut og inn av startellevaren dei fyrste to sesongane i Moss, men etablerte seg under Nils Arne Eggen då laget var innom 2. divisjon i 1986. Med 18 mål av Moss sine totalt 44 seriemål vart han i 1987-sesongen toppskårar i 1. divisjon. Han bidrog såleis mykje til at Moss vart norsk seriemeister for fyrste og hittil siste gong. Trass i at han ikkje var særs flink i å skyte, viste Fjærestad seg effektiv i straffefeltet. I 1989 var han plaga av skader på vårparten, og lukkast sidan lite i Moss-laget. Han avslutta med spel for 4. divisjonslaget Hafslund åra 1991-93.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Fjærestad fekk sin landslagsdebut 12. august 1987 i ein mållaus heimekamp mo Sverige. Han skåra sitt einaste mål i landslagsdrakt 28. oktober 1987 mot Aust-Tyskland. 28. juli 1988 fekk Fjærestad kome på bana i staden for målskårar Jan Åge Fjørtoft då Noreg og Brasil spelte uavgjort 1–1 på Ullevaal stadion. Etter 8 landskampar var landlagstida over.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk seriemeister: 1987 for Moss FK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]