Jan Oddvar Skisland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Oddvar Skisland
Fødd1958
NasjonalitetNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar

Jan Oddvar Skisland (fødd i 1958) er ein tidlegare ordførar i Kristiansand. Han representerer Kristeleg Folkeparti og vart vald til ordførar i 2003 etter Bjørg Wallevik frå Høgre. Ved valet fekk han Når det 2841 personlege stemmer og vart nummer to, etter Wallevik, som fekk 3505 stemmer. Ordfører vart han i eit valteknisk samarbeid med Arbeiderpartiet, som fekk varaordføraren, Bjarne Ugland. Ved kommunevalet 2011 stilde Skisland som kandidat for Arbeiderpartiet og vart innvald i Bystyret i Kristiansand.

Skisland er cand.theol. og har hovudfag frå Norges Idrettshøgskole i tillegg. Før han vart ordfører, var han tilsett på Høgskolen i Agder. Skisland tok ikkje attval som ordførar, og gjekk av som ordførar den 10. oktober 2007. Han går no over i stilling som toppsjef i Idrettsklubben Start frå 1. januar 2008.

Som ordførar har Skisland hatt ei rekke saker han har vore oppteken av. Særleg gjeld det trafikk i Kristiansand, der han har prøvd å finne løysingar for sykkel og kollektivtrafikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]