Jan Ole Klemet Hermansen
Jan Ole Klemet Hermansen er ein norsk, samisk politikar frå Masi i Kautokeino som frå 2020 til 2021 møtte fast på Sametinget for Senterpartiet. Han vart vald som andre vara frå Ávjovárri valkrins i 2017. Då Hans Ole Eira gjekk inn i sametingsrådet i 2020, gjekk Hermansen inn som fast representant på Sametinget.
Hemansen arbeider som lærar og rektor og er elles ein habil joikar.[1] I 2019 vann han joikekonkurransen til Sametinget og NRK Sápmi.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Jan Ole Hermansen – Guovddášbellodaga 3. evttohas Ávjovári válgabiirres. (21. august 2017). I Ávvir.
- ↑ Verstad, Anders Boine & Tom Stian Tretnes Hansen & Samuel Frode Grønmo. (16. oktober 2019). Slik reagerte Jan Ole da han fikk seiersbeskjeden. I NRK.