Jan Prahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Prahl
Jan Prahl.jpeg
Fødd 20. februar 1833
Bergen
Død

4. juni 1921

Yrke skribent, lege

Jan Henrik Fasmer Prahl (20. februar 18334. juni 1921) var ein norsk målmann, forfattar og lege.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jan Prahl var fødd i Bergen og tok studenteksamen i 1855. Han blei med i målrørsla i Bergen, der mange medlemmer ønskte eit landsmål som låg nært gammalnorsk.

I 1860 hadde Prahl reist til Nederland for å få behandling for ein augesjukdom. Der vart han immatrikulert ved Universitetet i Utrecht i 1861 og studerte medisin. I 1865 vart han medisinsk kandidat, og tok doktorgraden i 1868. Kring 1872 vanta han å reise opp det gamle handelshuset til familien saman med broren og vende attende til Noreg. Då dette mislukkast, slo han seg ned i Amsterdam som bylege, og budde der resten av livet. Då Prahl døydde i 1921 blei urna hans ført tilbake til Bergen og sett i slektsgrava på St. Jakobs kyrkjegard. Grava har seinare vorte sletta.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Visindin hava heimlat Nordmonnum eitt gullaldarbokverk og eitt mál.

Opningsorda i Ny Hungrvekja (1858)
Communauté silhouette modif.jpg

I 1858 gav Prahl ut boka Ny Hungrvekja, ein anonym pamflett der han tok til orde for ei radikal målreising med norrønt som førebilete. Prahl ville fornye det norrøne målet og gjere det til ei overbygnad for alt framtidig mål. Bondemålet var ifylgje Prahl ikkje brukande for å konstruere eit skriftspråk, medan norrønt mål var eit skikkeleg føredøme andsynes både ordtilfang, bøying og setningsbygnad. Sjølve boka var skrive på eit slikt språk, med tyske ordforklaringar. Namnet Hungrvekja kom frå bispesoga Hungrvaka frå 1200-talet. Boka møtte kritikk frå personlegdomar innan målrørsla, som Aasmund Olavsson Vinje og Ivar Aasen. Prahl tok Aasen si melding av Ny Hungrvekja i Dølen ille opp, jamvel om Aasen meinte at Prahl viste vidfemnande kunnskapar om emnet. Seinare vart han negativ til det allmugemålet som målrørsla gjekk inn for.

Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin, som Prahl gav ut i 1907, var ei omsetjing (eller attforteljing) frå nederlandsk om eit slag mellom nederlandske handelsskip og engelske krigsskip i Bergen under den andre engelsk-nederlandske krigen (1665–1667). Wouter Schouten, som hadde vore lege på den nederlandske flåten og var augevitne til slaget, hadde skrive forteljinga. Den norske utgåva ved Prahl følgde hovudsakleg det tidlege målet til Ivar Aasen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Ny hungrvekja (1858)
  • De invloed der zwervende zenuw op de hartsbeweging (1868)
  • Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin i August Maanad 1665 millom ein hollendsk og engelsk Flote (1907)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Jan Prahl» av Jon Grepstad i Allkunne, innhenta 5. juli 2010.
  • Olaf Almenningen et al.: Målreising i 75 år: Noregs mållag 1906-1981 (Oslo: Fonna forlag, 1981), s. 318–319.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Jan PrahlWikikilden (frie originaltekstar)