Jan Roar Leikvoll
| Jan Roar Leikvoll | |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 7. juni 1974 Bergen |
| Død | |
| Yrke | Forfattar |
| Periode | 2008- |
| Prisar | Nynorsk litteraturpris, Bjørnsonstipendet, Stig Sæterbakkens minnepris, Nynorsk litteraturpris, Samlagsprisen, Sigmund Skard-stipendet |
| Debut | Eit vintereventyr |
| Nettstad | janroarleikvoll.com |
| Jan Roar Leikvoll på Commons | |

Jan Roar Leikvoll (7. juni 1974–1. august 2014) [1][2] var ein norsk skjønnlitterær forfattar frå Frekhaug i Nordhordland.[3]
Leikvoll gjekk i 2002/2003 årskurset ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.[4] Han skreiv på nynorsk og debuterte på Det Norske Samlaget i 2008 med romanen Eit vintereventyr.[5] Før det hadde han i 2000 gitt ut diktsamlinga Balanse på eige forlag.[6][7] For andreromanen Fiolinane fekk Leikvoll Nynorsk litteraturpris i 2010.[8] Han har også motteke Sigmund Skard-stipendet[9], Bjørnsonstipendet[10] og Stig Sæterbakkens minnepris[11][12].
Jan Roar Leikvoll etterlét seg fleire ufullenda tekstar. Ein av desse tekstane vart redigert av David Aasen i forlaget Det Norske Samlaget på grunnlag av mellom anna samtalar han hadde hatt med forfattaren, og utgjeven i 2015 som boka Forkynnaren[13].
Bøker
[endre | endre wikiteksten]Alle bøkene er utgjevne på Det Norske Samlaget i Oslo:
- 2000 – Balanse – Diktsamling. ISBN 82-92173-29-3
- 2008 – Eit vintereventyr – Roman. ISBN 9788252172430
- 2010 – Fiolinane – Roman. ISBN 9788252175493
- 2012 – Bovara – Roman. ISBN 9788252178616
- 2013 – Songfuglen – Roman. ISBN 978-82-521-8272-9 - ISBN 978-82-521-8530-0
- 2015 – Forkynnaren – Roman redigert av David Aasen på grunnlag av forfattarens uferdige utkast. ISBN 978-82-521-8899-8
- 2019 – Heimatt – Roman redigert av David Aasen og Christine Leikvoll på grunnlag av forfattarens uferdige utkast. ISBN 978-82-521-9858-4
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 2011 – Bjørnsonstipendet[10]
- 2010 – Sigmund Skard-stipendet[9]
- 2010 – Nynorsk litteraturpris[8]
- 2013 – Stig Sæterbakkens minnepris[11][12]
- 2014 – Samlagsprisen [14]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Forfattar Jan Roar Leikvoll er død
- ↑ ««Jan Roar Leikvoll»». forfatterkatalogen.no. Henta 16. februar 2012.
- ↑ «Fiolinane». Årets bøker 2010. Oslo: Det Norske Samlaget. 2010. s. 37.
- ↑ ««Tidlegare studentar»». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Henta 16. februar 2012.
- ↑ ««Jan Roar Leikvoll»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 16. februar 2012.
- ↑ ««Jan Roar Leikvoll: BALANSE. Dikt»». egenbokforlaget.no. Henta 16. februar 2012.
- ↑ ««SAMBOK: 1677775744»». SAMBOK, Nasjonalbiblioteket. Henta 16. februar 2012.
- 1 2 ««Nynorsk litteraturpris til Jan Roar Leikvoll»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 16. februar 2012.
- 1 2 ««Skard-stipend til Leikvoll»» (PDF). Norsk Tidend nr. 4 2010, s.3. Henta 16. februar 2012.
- 1 2 ««Bjørnsonstipendet 2011 til Jan Roar Leikvoll»». Nettstaden til Bjørnsonfestivalen. 31. august 2011. Henta 16. februar 2012.
- 1 2 Morten Sæle (4. september 2013). «Leikvoll fekk Stig Sæterbakkens minnepris». Nettstaden til avisa Nordhordland. Henta 4. september 2013.
- 1 2 Ane Linn Ringstad (4. september). ««Stig Sæterbakkens minnepris 2013 tildelt Jan Roar Leikvoll»». forlagsliv.no. Henta 5. september 2013.
- ↑ Sjå føreordet i Forkynnaren
- ↑ «Samlagsprisen til Leikvoll», Artikel Bok365 14. august 2014
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Presentasjon av Leikvoll på nettstaden til Det Norske Samlaget
- Digitaliserte bøker av Jan Roar Leikvoll hjå Nasjonalbiblioteket