Jan Roland Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Roland Nilsen
Fødd 16. november 1787
Bergen
Død

9. oktober 1841
Bergen

Yrke politikar

Jan Roland Nilsen (16. november 17879. oktober 1841) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Bergen.

Nilsen var son til ein arbeidar. Sjølv vart han fut i Senja og Tromsø fogderi til han i 1822 vart sorenskrivar i same futedømmet. Frå 1837 var han stiftsamtsskrivar i Bergen, der han døydde fire år seinare.

Nilsen representerte Finmarkens amtStortinget i 1821 og 1830. I 1821 var han medlem av 16 komitear, sekretær i fem av dei. Han var sekretær i komiteen om skulelærarløna, om postgangen gjennom Sverige, om vinterpost til Finmarken over Haparanda. Elles var han medlem av komiteen om tiend og russefisket i Finmarken og rettspleia under Lofot-fisket, samt nordlandske kyrkje- og skulefond. Han møtte ikkje på omframtstortinget 1822. I 1830 var han visesekretær i Odelstinget og sekretær i næringskomiteen og i komiteen om «finmarkske forhold».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]