Jan Schelhaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Schelhaas
Jan Schelhaas.jpg
Jan Schelhaas (2012)
Fødd11. mars 1948 (72 år)
FødestadLiverpool, England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1960-åra
SjangerProgressiv rock
InstrumentKlaverinstrument
Tilknytte artistarCaravan, Camel
Verka somKlaverspelar, låtskrivar

Jan Russell Schelhaas (fødd 11. mars 1948) er ein engelsk musikar, mest kjend som klaverspelar i Caravan og Camel.

Schelhaas byrja karrieren sin på bass for fleire band i Liverpool, som soulbandet Bernie & the Buzz Band i 1968 før han slo seg til ved klaverinstrument i softrockbandet National Head Band i 1970 med Neil Ford på gitar og det framtidige Uriah Heep-medlemmet Lee Kerslake på trommer. Dei gav ut albumet Albert One i 1971, produsert av Yes-produsenten Eddie Offord, men utan suksess. Neste stopp for Schelhaas var bandet til Gary Moore og innspelinga av albumet Grinding Stone frå 1973. Etter denne innspelinga forlet han Moore og spelte inn soloprosjekt, inkludert ei orgelinnspeling for Thin Lizzy i 1973 på Vagabonds of the Western World.

I juli 1975 vart Schelhaas spurt om å spele klaverinstrument i bandet Caravan etter Dave Sinclair slutta. Jan Schelhaas turnerte verda rundt med dei og spelte inn tre album: Blind Dog at St. Dunstans (1976), Better by Far (1977) og Cool Water, som først kom ut i 1994. Sommaren 1978 hadde Caravan ein pause og Schelhaas aksepterte eit tilbod om å bli med i Camel på verdsturneen deira for albumet Breathless (1978). På denne tida bestod bandet òg av syskenborna Richard Sinclair (bass & vokal) og Dave Sinclair (klaverinstrument) som han alt hadde spelt med i Caravan.

Schelhaas arbeidde med Camel fram til 1981, då han medverka til I Can See Your House from Here frå 1979 og albumet Nude frå 1981.

I 2002 vart Schelhaas igjen spurt om å bli med i Caravan då Dave Sinclair slutta på grunn av musikalske skilnader. Han spelte inn The Unauthorized Breakfast Item med dei same året, i tillegg til ein turné. Sjølv om det var ein pause i bandet frå 2005 til 2010, vart Schelhaas med på det siste albumet deira, Paradise Filter i 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]