Jan Terje Faarlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Terje Faarlund
Fødd3. mai 1943
Østre Toten
NasjonalitetNoreg
Områdenordgermanske språk
Yrkelingvist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
EktefelleMarianne Gullestad
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Jan Terje Faarlund (fødd 3. mai 1943) er professor i nordisk språk ved Universitetet i Oslo.

Faarlunds vitskaplege karriere byrja med magistergradsavhandlinga Syntaksen til preposisjonsuttrykka i moderne norsk (1974), og han har òg seinare hovudsakleg jobba med grammatiske spørsmål i norsk. Eit av hans mest omfattande arbeid er som medforfattar av Norsk referansegrammatikk (1997).

Faarlund har tidlegare vore professor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Han var gift med sosialantropologen Marianne Gullestad (1946–2008).

I 2013 vart han tildelt Gad Rausings Pris for framståande humanistisk forsking.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. uniforum.uio.no Jan Terje Faarlund får svensk prestisjepris

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]