Jan Thomas Njerve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Thomas Njerve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juni 1927
Død

17. november 2014 (87 år)

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Ektefelle Kari Frisell

Jan Thomas Njerve (7. juni 192717. november 2014) var ein norsk biletkunstnar, fødd i Porsgrunn. Han er mest kjend for portrettmålarstykka sine, mellom dei tjue bilete av medlemer av kongefamilien, som bilete av kong Olav V i Oslo rådhus, i Sjømannskyrkja i København, i Balliol College i Oxford, og i Stortinget (1983); kong Harald V i Bergen Militære Samfund og dronning Sonja i Sjømilitære Samfund. Elles heng bilete av Gunnar Sønsteby i Forsvarsdepartementet og av Wenche Foss i Drammen Teater. Av andre oppdrag kan nemnast scenografi til Madame Butterfly (1963).

Han har òg ein omfattende landskapskunst og var representert i Nasjonalgalleriet alt i 1960.

Jan Thomas Njerve var utdanna under Jean Heiberg ved Statens Kunstakademi (1946–48). Han var gift med operasongaren Kari Frisell.