Jan Tschichold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Tschichold
Jan Tschichold (1963) by Erling Mandelmann.jpg
Fødd 2. april 1902
Leipzig
Død

11. august 1974
Locarno

Yrke typograf, grafisk designar, foreleser
Jan Tschichold på Commons

Jan Tschichold, fødd Johannes Tzschichhold, (fødd 2. april 1902 i Leipzig, daud 11. august 1974 i Locarno) var ein rysk kalligraf, typograf, forfattar og lærar, mest kjend som skaparen av fonten Sabon.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jan Tschichold vaks opp i Leipzig som son til ein typograf og byrja tidleg med kalligrafi. I 1919 byrja han studera ved Leipziger Akademie der Künste der han avanserte til Meisterschüler. Han fekk ved same tid det fyrste oppdraget til Leipzigmessen og 1923 vart han typografisk rådgivar i eit trykkeri.

Jan Tschicholds skaparkraft kom til sin rett då han vart tilsett i Bauhaus og arbeidde med den nye typografien - Neue Typografie.

1926 flytta han til München og Münchener Meisterschule für Typografie der Paul Renner arbeidde. Dei komande åra laga han ei rekkje store filmplakatar. I samband med maktovertakinga til nazistane i 1933 emigrerte Tschichold til Sveits. Medan han var der arbeidde han for forlaget Birkhäuser Verlag. I 1947 flytta han til England der han mellom anna arbeidde hjå Pennrose Annual og Penguin Books før han returnerte til Sveits.

I 1967 vart sabon-fonten lansert. Namnet kjem frå Jacob Sabon, ein lærling til Garamond og den som skapa Garamond-fonten i Frankfurt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]