Jan van Goyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan van Goyen

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 13. januar 1596
Leiden
Død

27. april 1656 (60 år)
Haag

Yrke kunstmålar, kunsthandler, grafikar
Sjanger landskapsmåleri
Medlem av Haarlem Guild of St. Luke
Born Grietje Van Goyen
Jan van Goyen på Commons
'Utsyn mot Merwede ved Dordrecht', ca. 1660

Jan Josefszoon van Goyen (13. januar 159627. april 1656) var ein landskapsmålar fødd i Leiden, der faren var skomakar. Goyen var ein føregangsmann i utviklinga av det realistiske landskapsmåleriet i Nederland.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jan van Goyen gjekk i målarlære frå han var 10 år gammal. Seinare var han i Hoorn, der han vidareutdanna seg hos landskapsmålaren Willem Gerritsz. 19 år gammal reiste Goyen i Frankrike for å studere landskapsmåleriet. Han utvikla deretter evnene sine hos ein kjend målar i Haarlem, Esaias van de Velde. Der gjorde han store framsteg og vart på kort tid ein etterspurd målar. Eigen verkstad opna han i 1618.

Det nederlandske landskapsmåleriet hadde til dess i hovudsak vore idealiserande og halde seg til sydlandske former. Med 1600-talet byrja ei ny retning å vise seg, og som heldt seg til heimlandet sin enkle og formfattige natur. Bileta er prega av duse fargar og poetisk ro. Dei er fridd frå briljante effektar og utan idealistiske tilvisingar. Jan van Goyen var ein av dei første meistrane i denne retninga, og såleis ein av grunnleggjarane av det moderne landskapsmåleriet. Saman med Salomon van Ruysdael og Pieter de Molyn var Goyen dei viktigaste representantane for landskapsmåleriet i Nederland i første halvdelen av 1600-talet.

Goyen flytta til Haag i 1632. Her laga han svært mange måleri, noko som truleg var eit svar på at han ikkje fekk dei høgste prisane for verka sine. Han var heile tida på jakt etter å auke rikdomen sin. Difor engasjerte han seg i ulike forretningstiltak, som til dømes kunstsal og -auksjon, og rein spekulasjon i tulipanar og i jordeige. Desse aktivitetane førte til at han på drog seg ei kolossal gjeld han aldri makta ordne opp i.

Måleria hans er oftast enkle i komposisjonen og dannar ei klar motsetning både mot dei eldre nederlendarane sine landskap og mot dei samtidige målarane som arbeidde i Italia. Her er aude sandmarker under ein gråleg himmel, noko som gjer at Goyen sine måleri ber bod om melankoli. Dette inntrykket vert forsterka av at alt er måla som i ein einaste gråaktig tone.

Jan van Goyen døydde i Haag i 1656.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jan van Goyen