Jane Mykle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jane Mykle

Jane Mykle og forfattaren Agnar Mykle 1958, etter frifinninga i «Myklesaka» der Agnar Mykle vart skulda for å ha skrive ein pornografisk roman.
Fødenamn Axeliane Christine Zetlitz Kielland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. februar 1916
Død

17. juni 1995 (79 år)
Asker

Yrke politikar, skribent
Språk norsk
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti
Jane Mykle på Commons

Jane Mykle (13. februar 191317. juni 1995) var ein norsk dokketeaterskapar og lokalpolitikar. Ho var gift med forfattaren Agnar Mykle frå 1942 til 1957.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Mykle hadde artium, kveldsskule frå BHKS og eit år ved SHKS. Ho studerte vidare i London og Paris og arbeidde som blomedekoratør, hanskemakar m.m. Ho traff Agnar Mykle i 1939, og gifta seg med han i 1942. Etter skilsmissa i 1957 var han leigebuar hos ho frå 1963, og dei tidlegare ektefellane opprettheldt tett kontakt resten av livet.

Jane og Agnar Mykle var pionerar innan norsk dokketeater, med utdanning frå Marcel Temporal sitt Temporals institutt for dukketeater i Paris. Ekteparet Mykle skipa Norsk Dukketeater i 1949, og dei to skreiv ei lærebok i dette emnet. Norsk Dukketeater inngjekk sidan samarbeid med Folketeatret.

Mykle sat i Asker kommunestyre for SF/SV frå 1968 til 1983, og seinare i fylkestinget i Akershus.

Sonen til Agnar Mykle frå fyrste ekteskap, Arne Bust Mykle (1937–2015), arbeidde også med dokketeater, og overtok etter kvart Norsk Dukketeater saman med den dåverande kona si Bjørg Mykle. Dei utvikla blant anna barne-TV-serien om Pompel og Pilt frå 1969.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Dukketeater! (lærebok, saman med Agnar Mykle), 1954; gjeven ut på ny i 1967 og 1995

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jane Mykle