Janina Karoltsjik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janina Karoltsjik
Statsborgarskap Belarus
Fødd 26. desember 1976 (47 år)
Chryščonavičy
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000

Janina Dzislavavna Karoltsjik, gift Pravalinskaja, (fødd 26. desember 1976) er ein kviterussisk tidlegare kulestøytar. Ho vart olympisk meister i Sydney i 2000, og verdsmeister 2001 i Edmonton. I 2003 testa ho positivt på steroidet clenbuterol under eit stemne i Tyskland, og vart utestengd frå friidrett i to år.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Karoltsjik tok bronsemedaljen i sitt andre seniormeisterskap, EM 1998. Under sommarleikane 2000 slo ho til med 20,56 m og personleg rekord i finalen, eit resultat som gav henne gullmedaljen, meir enn ein halv meter framom sølv- og bronsemedaljørane, russiske Larisa Pelesjenko og tyske Astrid Kumbernuss.

Året etter forbetra Karoltsjik sin personlege rekord til 20,61 m ved verdsmeisterskapen i Edmonton, og ho vann då ein ny gullmedalje, nær meteren lengre enn tyske Nadine Kleinert og bronsevinnar Vita Pavlysj frå Ukraina.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Karoltsjik testa i 2003 positivt på stoffet clenbuterol og vart utestengd frå friidrett i to år. Ho var tilbake i internasjonal konkurranse ved friidretts-VM 2007 der ho enda på tiandeplass i finalen. I 2010 kom ho på fjerdeplass i kuletevlinga ved friidretts-EM i Barcelona, ti centimeter bak den russiske bronsevinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]