Janne Haaland Matlary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janne Haaland Matlary
Janne Haaland Matlary.jpg
Fødd 27. april 1957 (65 år)
Mandal
Yrke lærar, politikar, professor, statsvitar

Janne Haaland Matlary (fødd 27. april 1957) er ein norsk statsvitar og politikar (tidlegare KrF, no Høgre). Ho er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo. Ho var statssekretær i Utanriksdepartementet i sentrumsregjeringa 1997–2000 og 1. vararepresentant til Stortinget frå Oslo 2009–2013.

Bakgrunn og karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho voks opp i Mandal som dotter av Sverre og Ada Haaland.[1] Som 17-årig gymnasiast vann ho ein stilkonkurranse om utviklingshjelp, der premien var ein tur til New York og SN. i 1985 gifta ho seg med den ungarske Arpad Albert Ludvig Matláry.[2][3]

Matalart har examen artium frå Mandal gymnas frå 1976, mellomfag i idéhistorie frå Universitetet i Oslo frå 1978, mastergrad i samanliknande politikk, politisk teori og moderne europeisk historie frå University of Minnesota frå 1980, magistergrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo frå 1983 og doktorgrad frå same universitet frå 1994. Haaland Matlary har òg kurs i amerikansk-europeiske tilhøve frå Claremont McKenna College frå 1982, samanliknande europeisk politikk frå European University Institute frå 1982, fransk forretnings- og konversasjonsspråk frå Centre culturel français d'Oslo frå 1989 og internasjonal bedriftsleiing frå Bedriftsøkonomisk Institutt frå 1990.

Matlary var forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) 1987–1992 og forskingsdirektør ved ARENA – Senter for europaforskning 1995–1997, og er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo frå 2001. Forskingsfeltet hennar er primært tryggleikspolitikk og strategi, mellom anna knytt til NATO og EU, men òg politiske ideologi og verdispørsmål.[4]

Ho er medlem av den katolske kyrkja. Ho var rådgjevar for Det pavelege rådet for rettferd og fred og Det pavelege rådet for familien inntil 2013, og er no medlem av Det Pavelige Vitskapsakademi, avdeling samfunnsvitskap. Ho har òg vore utanrikspolitisk rådgjevar for fyrsten av Liechtenstein, medlem av Forsvarspolitisk utvalg og spaltist i fleire aviser og tidsskrift.[4] Ho skriv fast i Globalt-spalta i avisa Dagens Næringsliv.

Ho har vore politisk aktiv i Kristeleg Folkeparti og var statssekretær i Utanriksdepartementet under utanriksminister Knut Vollebæk 1997–2000. I 2009 vart ho vald til 1. vararepresentant til Stortinget frå Oslo. Ho melde seg ut av KrF i 2011 fordi ho meinte partiet ikkje var medvite den kristendemokratiske ideologien og borgarlege tilhøyret sitt.[5] I 2012 melde ho seg inn i Høgre.[6]

Janne Haaland Matlary vart i 2001 utnemnd til dame av Malteserordenen.[7]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2014 – Det norske demokratiet i det 21. århundre, medforfattar
  • 2011 – NATO: The Power of Partnerships, medredaktør.
  • 2011 – Comments on prof. Partha dasgupta's paper "Financial crises and the World's Poor".
  • 2011 – Regional security Integration: nordic and Visegrad approaches.
  • 2011 – Tre essays om kristendemokrati, medredaktør.
  • 2010 – Mangfold eller Uniformitet? Norsk Militærprofesjon i endring, redaktør.
  • 2009 – Krigerkultur i en fredsnasjon, redaktør.
  • 2009 – Etikk og militærmakt, medredaktør.
  • 2009 – European Union Security Dynamics. In the New National Interest.
  • 2007 – Denationalisation of Defence. Convergence and Diversity, medredaktør.
  • 2006 – Values and Weapons. From humanitarian intervention to regime change?
  • 2006 – Veruntreute Menschenrechte: Droht eine Diktatur des Relativismus?
  • 2005 – Mot et avnasjonalisert forsvar?, medredaktør.
  • 2003 – "Make Law, not War" - en europeisk utenrikspolitikk?
  • 2003 – Spillet om Irak, medredaktør.
  • 2002 – Intervention for Human Rights in Europe.
  • 2001 – Soft Power, Hard Values: Intervention for Human Rights and Democracy in Europe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nekrolog om Sverre Haaland i Lindesnes (7. juli 2010).
  2. Opedal, Hallgeir (1. mars 2004). «Stø kurs». 
  3. Dødsannonse for Sverre Haaland i Lindesnes (1. juli 2010).
  4. 4,0 4,1 «Janne Haaland Matlary». Civita. 
  5. Kvamme, Kjell (13. oktober 2011). «Haaland Matlary melder seg ut av KrF». Arkivert frå originalen 2011-10-14. 
  6. Thue, Karen (1. august 2012). «Matlary melder overgang til Høyre». Arkivert frå originalen 2012-08-04. Henta 1. august 2012. 
  7. Walberg, Ole; NTB (1. august 2001). «Norsk kvinne i adelig orden». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Janne Haaland Matlary