Janssons fristelse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Janssons fristelse klår til servering

Janssons fristelse (svensk Janssons frestelse) er ein klassisk svensk grateng som består av poteter, lauk og brisling.

Namnet på retten kan anten stamma frå operasongaren Per Adolf «Pelle» Janzon (1844–1889),[1] eller stumfilmen Janssons frestelse frå 1928,[2] som inspirerte Elvira Stigmark (1886–1953) til å laga retten.[3]

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

For å laga retten skjer eller hakkar ein potet, lauk og brisling i små bitar eller tynne skiver. Dette blir så lagt i ei steikeform og fløyte helt over. På toppen har ein strøkavring. Retten kan typisk etast som nattmat, men passar også til julebord, påske- eller midsommarfeiring.

Det finst ulike varianter av retten.[3] Utan brisling blir retten meir som ein potetgrateng, men med ein særskild kryddersmak. Typiske «Janssons-krydder» er sennep, laurbær, pepar, kryddernellik og ingefær.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mannerström, Leif: Husmanskonst, Prisma, Stockholm 2006, s. 139. ISBN 978-91-518-4462-6. 
  2. Elmquist, Pernilla (2016-12-13). «Varför heter det Janssons frestelse?». Allers. Henta 2018-12-13. 
  3. 3,0 3,1 «7 klassiska maträtter - historien bakom namnen». Mitt Kök. 2015-05-08. Henta 2018-12-13. 
  4. Jönsson, Karoline (2014-11-17). «Vego Janssons frestelse». Det gröna skafferiet. Henta 2018-12-13. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]