Japan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Japanarar)
Nippon (Nihon-koku)
日本国

(norsk: Japan, japansk)

Det japanske flagget Det japanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Kimigayo»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Japan
Offisielle språk Japansk
Hovudstad Tokyo
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Naruhito
Yoshihide Suga
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
377 915 km² (61.)
0,8 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2004)
 – Tettleik
 
126 451 398 (10.)
127 333 002
334,6 /km² (27.)
Nasjonaldag 23. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
4 658 000 mill. USD (4.)
41 200 USD (30.)
Valuta Japansk yen
Tidssone UTC +9
Telefonkode +81
Toppnivådomene .jp


Japan (japansk nihon, 日 (sol) 本 (opphav), «soloppgangslandet») er eit øyrike heilt aust i Asia. Det ligg ved Stillehavet, aust for det japanske havet som skil det frå Kina, og den koreanske halvøya, som har kort veg til Japan over Koreasundet. Det har rundt 120 millionar innbyggarar.

Japan er sett saman av nokre store og fleire små øyar. Dei store øyane, frå nord til sør, er Hokkaido, Honshu (den største), Shikoku og Kyushu. Landet ligg svært isolert til, og har utvikla sin særeigne kultur, med noko påverknad frå Kina. Etter Den andre verdskrigen har den sterkaste påverkinga kome frå USA.

Kart over Japan

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå japansk geografi.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Japansk hus på ein innsjø i Tazawako

Dei 4000 øyane i Japan går frå tropane i sør til nordlege midlare breidder i nord, så ein har store klimatiske kontrastar frå nord til sør. Hovudtrekka er derimot at vinteren er kald og somrane er varme og våte. Om vinteren, når den kalde nordaustlege vinden i samband med den asiatiske monsunen tar med seg fukt frå Japanhavet fører dette til ein av dei største klimakontrastane i verda. Vestsida av fjella som deler Honshu på tvers, særleg dei sentrale områda, får store mengder snø, som fell nesten dagleg gjennom vinteren. Ibukifjellet har verdsrekorden for største snødjupne med 11,82 m frå 1927. I låglandet kjem det ofte opp mot 150 cm i løpet av vinteren, men mengda varierer ein god del frå år til år. Sjølv dei sørlege områda på Kyushu kan få nokre dagar med snø kvart år. Kysten av Stillehavet og området rundt innsjøen Seto Naikai har derimot eit ganske anna klima med klårt og kjølig vêr. Fleire område her har meir sol om vinteren enn om sommaren. Seint på vinteren eller tidleg på våren kan små lågtrykk kome opp frå Taiwan og gje litt regn eller snø i dei sørlege eller austlege byane.

Ustadige varmeperiodar i mars trengjer seg nordover og fører til bløminga av kirsebærtrea på Honshu i april. Midten av våren er vanlegvis ei fin tid i Japan med unntak av enkelte episodar med sandstormar frå Mongolia som fargar himmelen gul. Ein kan få litt regn av og til, og innimellom kraftige hagl- og torebyer. Etter kvart strekkjer den kinesiske monsunfronten Mei-yu seg inn over Japan, her kalla Bei-u. Dette kan føre til kraftig regn i heile Japan i vekesvis, med unntak av Hokkaido, vanlegvis frå midten av juni til tidleg i juli. Når fronten har regna frå seg set sommaren inn for fullt med tropiske temperaturar som varer til ut i september. Vêret er trykkande men sjøbris og torebyer på ettermiddagen kan gje litt friskare forhold. Ein svakare versjon av Bei-u-fronten flyttar seg sørover igjen i september og oktober, og kan gje nokre veker med regnvêr igjen. Japan vert i gjennomsnitt råka av tre-fire tyfonar kvar haust, og særleg den sørlege kyststripa er kan få store øydeleggingar og flaum.

Hokkaido, som er den nordlegaste av dei store øyane, er fleire grader kaldare året rundt enn dei andre øyane. Sjølv om Hokkaido er litt tørrare enn Honshu får ho likevel rikeleg med regn og snø. Dei austlege områda får i snitt 800 mm i året, medan den vestlege sida kan få opp mot 2000 mm. Ofte har ein tåke på den søraustlege kysten frå juni til august. Temperaturane kan variere ein god del frå år til år både om vinteren og om sommaren.

Dei subtropiske øyane i Japan har forholdsvis tørre vintrar, men ein kan få ganske så kjølig og skya vêr så langt sør som til Okinawa. Sommaren er varm, fuktig og solrik, men somme tider tyfonar kan slå til mot øyane med full kraft.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå japansk politikk.

Japan er eit konstitusjonelt monarki der keisaren har avgrensa makt. Keisaren har i dag primært seremonielle funksjonar og er definert av grunnlova som «symbolet på staten og folket». Makta er i hovudsak hjå den japanske statsministeren og andre valde medlemmer av nasjonalforsamlinga.[1] Naruhito er keisaren av Japan frå 2019.

Det lovgjevande organet i Japan er nasjonalforsamlinga, eit parlament med tokammersystem. Nasjonalforsamlinga utgjer eit representanthus (Shugi-in) med 480 medlemmer, som vert utnemnde ved val for fire år, og eit rådgjevarhus (Sangi-in) med 242 medlemmer, som vert utnemnde ved val for seks år. Det er ålmenn stemmerett for vaksne over 20 år.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå prefektur i Japan og regionar i Japan.

Japan er administrativt delt inn i førtisju prefektur (ken), kvart av dei med ein folkevalt guvernør og representative forsamlingar. Kvart prefektur er vidare delt inn i mindre, lokale einingar som byar (shi) og landsbyar (son). Under er prefektura lista opp etter regionen dei høyrer til:


1. Hokkaido


2. Aomori
3. Iwate
4. Miyagi
5. Akita
6. Yamagata
7. Fukushima


8. Ibaraki
9. Tochigi
10. Gunma
11. Saitama
12. Chiba
13. Tokyo
14. Kanagawa


15. Niigata
16. Toyama
17. Ishikawa
18. Fukui
19. Yamanashi
20. Nagano
21. Gifu
22. Shizuoka
23. Aichi


24. Mie
25. Shiga
26. Kyoto
27. Osaka
28. Hyōgo
29. Nara
30. Wakayama


31. Tottori
32. Shimane
33. Okayama
34. Hiroshima
35. Yamaguchi


36. Tokushima
37. Kagawa
38. Ehime
39. Kōchi


40. Fukuoka
41. Saga
42. Nagasaki
43. Kumamoto
44. Ōita
45. Miyazaki
46. Kagoshima
47. Okinawa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Japan – forfatning og politisk system» i Store norske leksikon, snl.no.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Constitution of Japan». House of Councillors of the National Diet of Japan. 3. november 1946. Arkivert frå originalen 17. mars 2007. Henta 10. mars 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Japan
Reiseguide for Japan frå Wikivoyage

Offisielt[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]