Japanhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Japanhavet

Japanhavet er eit randhav vest i Stillehavet som grensar til Japan, Sør-Korea, Nord-Korea og Russland. I Sør-Korea vert havet kalla Austhavet.[1][2] Som Middelhavet er det nesten ikkje noko tidvatn sidan det nesten er heilt lukka.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Japanhavet

Japanhavet grensar til det russiske fastlandet og øya Sakhalin i nord, Koreahalvøya i vest og dei japanske øyane Hokkaidō, Honshū og Kyūshū i aust.

Det er knytt til andre hav via fem smale sund, Tartarsundet mellom det asiatiske fastlandet og Sakhalin, La Perouse-sundet mellom øyane Sakhalin og Hokkaidō; Tsugarusundet mellom Hokkaidō og Honshū; Kanmonsunda mellom Honshū og Kyūshū; og Koreasundet (genkainada) mellom Koreahalvøya og øya Kyūshū. Koreasundet består av Vestkanalen og Tsushimasundet på kvar side av Tsushimaøya.

På det djupaste er havet 3742 meter, og middeldjupet er 1753 meter. Havområdet dekkjer eit areal på om lag 978 000 km².

Japanhavet er delt inn i tre store basseng: Yamotobassenget i søraust, Japanbassenget i nord og Tsushimabassenget (Ulleungbassenget) i sørvest. Japanbassenget er den djupaste delen av havet, medan Tsushimbassenget er det grunnaste.

På austkysten er kontinantalsokkelen brei, medan han på vestsida, særleg langs kysten av Korea, er smal, om lag 30 km brei i snitt.

Den varme Tsushimastraumen, ei grein av Kuroshiostraumen, strøymer nordover gjennom Koreasundet langs kysten av Japan den kalde Limanstraumen strøymer sørover gjennom Tartarsundet langs kysten av Russland.

Japanhavet var ein gong omgjeve av land då det eksisterte ei landbru i Aust-Asia.[4]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hamn og skip i Japanhavet sett frå Nakhodka i Russland.

Områda i nord og søraust er dei rikaste fiskeområda. Fiske i havet er økonomisk særs viktig, noko som kjem til syne i striden om Liancourt Rocks mellom Sør-Korea og Japan. Havet har òg viktige mineralførekomstar, særleg magnetittsand. Ein meiner òg at det kan vere naturgass og petroleum under havbotn. Med vekst i økonomien til Aust-Asia har Japanhavet vorte ei stadig viktigare ferdselsåre.

Namnestrid[endre | endre wikiteksten]

Japanhavet ved Kapp Hinomisaki nær Izumo i Japan.

Namnet på havområdet har i lang tid vore omstridd. Bruken av «Japanhavet» er forholdsvis ny. Japan hevdar at det var i bruk tidleg på 1800-talet, medan Korea hevdar at endringa vart tvunge fram under den japanske okkupasjonen tidleg på 1900-talet. Med ein offisiell stadfesting i 1929 vart ikkje havområde, som dei fleste andre påtvinga namneendringar i perioden, tilbakestilt i etterkant.[5].

Både Sør- og Nord-Korea har prøvd å få ein slutt på det dei reknar som ei arv frå kolonitida. Sør-Korea ønskjer namnet «Austhavet» tilbake[6] og hevdar at Japanhavet ikkje var i bruk før «Koreahavet»[7]. Nord-Korea ønskjer namnet Aust-Korea-havet tilbake[8].

Som følgje av denne striden nyttar enkelte publikasjonar omgrepet «Japanhavet (Austhavet)» når dei omtalar havområdet.[9][10]

27. august 2008 kom begge dei koreanske statane med separate forslag til den niande konferansen om standardisering av geografiske namn hos Sameinte Nasjonar. Konferansen kom ikkje med ei løysing på konflikten, men oppfordra alle partar til å kome fram til ei akseptabel løysing. Ordleiaren for møtet sa at «individuelle land kan ikkje påtvinge spesifikke namn på det internasjonale samfunnet og ei standardisering kan berre finne stad når ein har fått konsensus».[11] I praksis betyr dette at SN held fram med å nytte «Japanhavet».[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. S Korea bid to solve sea dispute. BBC News (8. januar 2008). Vitja 8. august 2008.
  2. Report on the Progress in Consultations on the Naming of thehavet Area between the Korean Peninsula og the Japanese Archipelago. Utanriksdepartementet i Sør-Korea (30. august 2007). Vitja 8. august 2008.
  3. Tides in Marginal, Semi-Enclosed og Coastal seas - Part I:Sea Surface Height. ERC-Stennis at Mississippi State University. Vitja 8. august 2008.
  4. Conrad D. Totman (2004). Pre-Industrial Korea og Japan in Environmental Perspective. Vitja 8. august 2008.
  5. http://www.korea.net/news/issues/issueDetailView.asp?board_no=348 East Sea or "Sea of Japan"
  6. Utanriksdepartementet i Sør-Korea: Austhavet
  7. http://www.korea.net/news/issues/issueDetailView.asp?board_no=348 Austhavet eller Japanhavet?
  8. http://unstats.un.org/unsd/geoinfo/9th-UNCSGN-Docs/E-CONF-98-53-E.pdf Om endring av namnet Japanhavet
  9. Japanhavet og Austhavet
  10. Japanhavet mot Austhavet
  11. Rapport frå den 9. UNCSGN, 2007
  12. Kyodo News, "Despite Korean efforts, geographic conference backs Sea of Japan name", The Japan Times, 29 aug. 07, [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Japanhavet

Koordinatar: 39°34′55″N 134°34′11″E