Japansk skrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ordet «kanji» skrive med kanji og hjelpeteikn frå hiragana.

Japansk skrift er eit sett av tre skriftsystem som kan brukast om kvarandre til å skriva japansk. To av dei, hiragana og katakana, er stavingsalfabet medan den tredje, kanji, er ei samling ideogram som byggjer på kinesisk skrift (hanzi). Kanji og hiragana som regel blir brukt til å skriva japanske arveord, medan katakana gjerne blir brukt til lånord, framande namn og onomatopoetikon. I nokre høve blir kanji skrive saman med hjelpeteikn frå ei av dei andre skriftene for å visa uttale eller forklara ei tyding.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]